Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Selje

Guida tur til Selja Kloster

  • 404 46 011
  •  /  km From You
Overview
Details

"Eg gleda meg verkeleg til å sjå Selja Kloster som eg har høyrt mykje om. Difor blei eg faktisk litt overvelda av den nydelege båtturen ut til Klosteret der eg fekk sett kystlandskapet frå havet. For snart 1000 år sidan kom Benediktinermunkane sjøvegen og bygde klosteret ein forsatt kan sjå tydelege spor etter. For eigen del skal eg ikkje bygge noko anna enn utvida forståing av norsk historie i heilt spesielle omgjevnader. Interessante guidar gjer denne to-timars turen til båts og på land til eit svært godt alternativ på dagar der ein berre vil «GO WITH THE FLOW!»".
Fred Syversen

Vestkapp Båtservice driftar Klosterbåten og guidinga på Selja Kloster. I tillegg tilbyr vi charterturar for grupper til ulike stadar langs kysten og innover i Nordfjorden. Vår nye båt "SELJA" er 50 fot og sertifisert for 30 personar.

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selja kloster, kanskje Norges eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet, til minne om St. Sunniva. Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med unike kulturminne frå vikingtid og mellomalder.  Bli med oss på ein to-timers guida tur, som startar med ein båttur frå Selje sentrum, og guiding i klosteranlegget før retur til Selje. 

Meir informasjon om Selja Kloster finn du her.

Faste avgongar frå Måløy med Klosterbåten. Grupper etter avtale.

 

Rutetider 

5. mai - 16. juni/ 18. aug - 29. sep: Laurdag kl 12:00. 

18. juni - 12. aug: Daglege avgongar frå Seljevågen kl 10:00 og kl 13:15 / Retur frå klostervågen kl 11:45 og kl 15:00. 

Faste ruter er inklusive guiding i klosteranlegget og har ei ramme på to timar. Tid utover dette må avtalast på førehand. 

Pris: Vaksne kr. 300,- pr. person
Born: (4-12 år) kr. 100,-
Born under 4 år gratis

Billettar til turane må kjøpast på turistinformasjonen, per tel. +47 404 46 011  eller e-post:turistinfo@selje.kommune.no.
Det er begrensa antal passasjerar per tur (30 stk), så vi anbefaler at du bestiller dagen før. 

Grupper og turar utanom ordinær rutetid etter avtale.  

Vakttelefon Klosterbåten: +47 990 46 022

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Historisk vandring

Price

Description Price*
Pr.person Per. person 300,00 Pr. person
Barn 4-12 år 100,00 Pr. person
* Price from
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad