Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Guida tur til Tylderingen, Sogndal

Bli med Explore Sogndal på guida fjelltur til Tylderingen i Sogndalsdalen

I vakre Sognsdalen kan du bli med på guida tur med Explore Sogndal.


Turen startar ved Fretland og går delvis på traktorveg før vi føl sti til topps. Turen er ca 600 høgdemeter og vi reknar 2-3 timar opp i roleg tempo. Frå toppen av Tylderingen kan ein i finvær sjå tindane i Hurrungane i aust, Jostedalsbreen i nord og Sognefjorden i sør. Med andre ord, ei svært variert og storslått utsikt.


Turen kan gjerast til ein rundtur ved å legge returen over Stepin og vidare ned til Kleiv.


Ta kontakt om de ønsker eit anna avreise tidspunkt enn kl.10.


Viktig informasjon om turen: 

Varigheit: 4,5 time

Vanskegrad: Medium

Alder: 10+

Avgang: Fretland i Sogndalsdalen

Start kl: 10:00

Pris - sjekk heimesida til Explore Sogndal


Med mindre enn 4 påmeldte dagen før avgang vil turen bli avlyst.

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Guida tur til Tylderingen, Sogndal

Sider du nylig har besøkt