Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Mauranger

Guida vandreopplevingar - Rosendal

  • Sundal, Kvinnherad
  • +47 55298921
  •  /  km From You
Overview
Details

Guida vandreopplevingar med Rosendal som base

Rosendal er nok den beste vandredestinasjonen i Noreg.
Frå Rosendal kjem du lett i kontakt med alle naturelementa. Ankomst Rosendal frå Bergen, Oslo, eller Stavanger og sjekk inn på det sjarmerande Rosendal Turisthotell. Her får du servert ein avslappande middag og kan nyte ei god natts søvn. Du vil trengje all energien for resten av opphaldet, det er mykje å gjera her!


Dag 1 Du vert plukka opp av guidar frå Folgefonni breførarlag på hotellet rett etter frukost, turen går vidare 45 min. i buss. Framme vil du få utlevert ein kajakk og padle i isbrevann med store isberg rundt deg. Etter ein times padling, skiftar du kajakk og med isøks klatrar du opp Folgefonna isbre, og nyt ein lunsj basert på lokale råvarer. Gløym tida og kjenn energien du får av den spektakulære naturen i Folgefonna Nasjonal Park. Seint på ettermiddagen vert de frakta tilbake til hotellet og etter middag kan de ta ein kveldstur opp til Baroniet Rosendal som er eit slott frå 1665. 


Dag 2: I Rosendal er du omringa av dei majestetiske Rosendalsalpane. Nokon av dei vakraste toppane heiter Malmangernuten, Melderskin og Laurdalstind. Avhengig av formen din er ein av desse toppane dagens vandreforslag. Alle turane er godt merka og gradert, ein lokal guide kan gje gode tips. Du kan og få med deg guide på turen.


Dag 3: Du vaknar opp utkvilt og klar for eit spektakulært eventyr! Tidlig på morgonen vert de henta på hotellet og frakta i buss ca 50 min. til Skjeggedal i Tyssedal. Frå Skjeggedal vil første etappe vera med sykkel langs Ringedalsvatnet, før ein tek på  seg klatre utstyr og startar ein spannade Viaferrata klatretur til Trolltunga saman med ein guide. Dette er ein spektulær fjellformasjon som ser ut som ei trolltunge.  
Panoramautsikt frå Trolltunga- her har du utruleg flott utsikt over Folgefonna Nasjonal Park og Hardangervidda Nasjonal Park i bakgrunnen. Når du legg deg på Rosendal Turisthotel, er du full av intrykk frå dagane i Rosendal. Neste dag sein frukost og avreise til neste vandreoppleving, eller heim.


Pris: 9500 NOK for 4 netter og 3 dagar fylt med eksklusive naturopplevingar.

Inkluderer: 4 netter på Rosendal Turisthotell inkl. all mat,matpakke for kvar dag, isbre- og kajakktur, Via ferrata til Trolltunga, og transport mellom opplevingane.


Sesong: Frå 01.06-10.09, avhengig av snøforhold.


For booking kontakt: e-mail post@folgefonni-breforarlag.no, tlf: +47 95 11 77 92


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Ekspert
Årstid
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Brevandring
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Vandring
  • Kajakkpadling
  • Natursti
Kano og kajakk
  • Kajakkpadling
Fottur
  • Merkede turstier

Taste Norway

Lokalmat
  • Norsk mat

Facts

Effort Level
Challenging
Season
Summer
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
60° 6' 35" N / 6° 16' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad