Lærdal

Guida vandring på Gamle Lærdalsøyri utenfor Bergen

  • Øyragata
  • Guida vandring på Gamle Lærdalsøyri
  • Lågøyna
  • Besøk nettsiden

  • 400 65 069

  • Øyragata 11

    Lærdal, Vestland

    Vis i kart

Bli med inn i historia til «Lille Bergen», den gamle strandsitjar- og handelstaden Lærdalsøyri, innerst i Sognefjorden ca 3 timar frå Bergen.

Lær om mellomalderske marknadsdagar, gater, arkitektur, soger og personar.



Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar og klasseskilje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.



Omvisarane er lokale folk med brei kunnskap om lokalhistoria og/eller arkitektur på Lærdalsøyri.



Oppmøte:

Vandringa startar ved «Gamlebanken» i Øyragata 11.



Lengde:

Ca 45 - 60 minutt



Språk:

Norsk og engelsk.



Bestilling:

Her kan du bestille turen. (turen må bestilles på førehand).



NB: Dersom de er ei gruppe som ønsker å gå til eit anna tidspunkt enn oppsatt, send gjerne ein førespurnad på e-post (min. 4 personar).



Korleis koma seg til Lærdalsøyri frå Bergen:



Med bil:

Køyrer du bil frå Bergen, følgjer du E16 i retning Oslo. Det tek om lag 3 timar frå Bergen sentrum. Køyrer du mellom Bergen og Oslo, er eit stopp i Lærdal midt i blinken.



Med buss:

Frå Bergen går det fleire bussar til Lærdal dagleg, til dømes NW162 Øst/Vest-ekspressen til Håbakken eller NW420 Sognefjordekspressen og VY 450 som kjører til Lærdalsøyri.



Med tog og buss:

Vil du kombinera med tog, kan du ta toget til Voss og deretter byta til dei same bussane frå Voss.





Turarrangør:

Kongevegen over Filefjell


Barn – Billetter100 NOK *
Voksen – Billetter240 NOK *
* Pris fra

Kilde: Visit Bergen