Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Keipen i Balestrand

Book

Bli med oss på eit fantastisk fjelleventyr til Keipen i Balestrand!

Keipen i Balestrand

Opplev spektakulære Keipen i Balestrand. Turen går fra fjorden til høgfjellet, og gjev eit spektakulært utsyn over Sognefjorden med fjordarmane Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden og dei flotte Fjærlandsfjella.

Opplev ei reise fra fjøre til fjell med botanisk mangfald og den beste utsika i området!  

Greit å vite (lengde, stigning, terreng, utsikt, krav, utstyr, mm.):

Turen går frå fjorden opp høgste fjellet i området og er innom fleire flotte utsiktspunkt. Terrenget er ikkje teknisk vanskeleg, men turen går i stadvis bratt terreng, og me anbefalar solide fjellsko med god støtte til anklane. Det er lurt å ha med stavar til returen. 

Kle som eignar seg for turar i høgfjellet må ein ha med – sjølv om der er varmt og sommar ved fjorden, kan ein møte heilt andre forhold i fjellet. Sørg for du kan halde deg tørr og varm – og i pausane. Du lyt og ha med ei solid niste, nok drikke og ekstra klede. Sjekk vermeldinga på Yr.no Ikkje gå dersom det er sterk vind, mykje regn eller tåke. 

Turbeskrivelse

Turen startar ved informasjonstavlen i Esebotn. Følg traktorvegen på vestsida av jordet. Deretter går stien vidare opp mot Yglebotn. I overkant av ein kilometer innover dalen må du krysse elva. Dette er vanskelig før snøen har smelta. Vær forbredt på å vade. Etter elvekryssingen fortsetter stien inn den storslagne Yglebotn, på den gamle stien til fjellstølen i Langedalen. Når du passerar steinen med årstallet "1885" inngravert, tek du stien til høgre som går bratt opp mot Gulleplestølen. Stien går vidare på austsida av Gulleple, og vidare opp sørvest for Bjønnabreen (1400). Fra Bjønnabreen får du god utsikt vestover frå det høgste punktet. Følg den markante ryggenaustoverr ut til Keipen, der du får utsikt rett ned mot Sværefjorden og Esefjorden. Følg den samme ryggen tilbake mot breen, og ta nord/nordvest mot vardane. Du må passera eit lite stykke av breen. NB: om sommeren og hausten kan det ofte ligge ny, usynlig is på breen, så vær forsiktig og undersøk underlaget før du går utpå. Du kommer på nordsida av Øvre Trollabotnvatn. Stien følger nedover mot Dalsdalsvotni, der du passerer den vetle hytta Erlingsbu. Bua er åpen, og du søke ly om det er dårlig vær eller du trenger en pust i bakken. Følg merka sti frå Dalsdalsvotni, ned forbi stølen Påfunn og gjennom skogen til parkeringsplassen i Dalsdalen. 

Vil du ha en lettere variant av turen til Keipen, kan du starte og avslutte i Dalsdalen (300 moh).

Sesong: Juni - September

Små grupper – stor natur! På turar med Norgesguidene er det maksimalt 8 gjester pr. fjellfører

Det sikrar god kontakt og dynamikk i gruppa, og moglegheit for å vere tilstade undervegs slik at ein kan ta til seg alle inntrykka frå naturen.

Booking: 

Oppmøte: Turstart Kl. 08:30  fra Kviknes Hotel.

Turen er totalt 12-14 km lang, og har ein høgdeforskjel på nesten 1500 målt etter kvar ein vel gå.

Dette er ein lang og fysisk krevjande tur, men naturopplevinga er tilsvarende storslegen!


På turdagen er det oppmøte og avgang fra Kviknes Hotel kl. 08.30. Herifrå køyrer me i private bilar eit kort stykke til startpunktet for turen. Turen tek ca 10 timer.


Råd for vandrarar

Ta med rikeleg med mat og drikke. Ta med ekstra varme, vind- og vanntette klede. Hald deg saman med dei du går saman med - gå aldri frå nokon. Hjelp oss med å ta vare på naturen vår! Vennligst ta med deg alt bosset ditt tilbake. Kast det i bossbøttene på parkeringsplassane. Teltplass og toalettbesøka må vera nedanfor stien og godt borte frå bekker.


Transport:

Startpunktet i Esebotn ligger 4 kilometer fra Balestrand langs fv55, i retning Dragsvik.

Kollektivtransport til Balestrand

Det går dagleg buss frå Sogndal/Leikanger/Vik/Høyanger til Balestrand - sjekk buss ruter her

Vestland fylke ruteplanleggar

Flyplass

Sogndal (1,5 time)

Førde: (1 time 40 minutt)

Overnatting i Balestrand




Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Keipen i Balestrand

Book

Sider du nylig har besøkt