Borgund

Inngang Borgund Stavkyrkje og tur til Vindhella

  • Guiding Borgund Stavkyrkje
  • Guiding Borgund Stavkyrkje
  • Vindhella/Galdane
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 400 65 069

  • Vindhellavegen 606

    Lærdal, Vestland

    Vis i kart

Inngang Borgund Stavkyrkje og ein guida tur til Vindhella - Kongevegen

Kombinasjon med inngang i Borgund Stavkyrkje og guida tur til Vindhella



Borgund Stavkyrkje i Lærdal er den best bevarte kyrkja i verda og den mest berømte delstrekninga av Kongevegen er Vindhella. Dette kan du no kombinere.





Denne turen starter i besøkssenteret like ved Borgund Stavkyrkje med besøk i kafeen og butikken før du går vidare til Stavkykrja og får ei historiefortelling om middelalderens mystikk frå guidane i kyrkja.





Etter besøk i Borgund Stavkyrkje går turen vidare opp austsida av Vindhella til toppen av dei berømte hårnålsvingane. På denne turen vil guiden fortelje om Kongevegen og bygginga av meisterverket og kvifor Vindhellaskaret var den smalaste passasjen mellom aust og vest i gamal tid og eit strategisk kontrollpunkt. Etter å fått opplevd svingane går turen tilbake til Stavkyrkja, og ynskjer du å gå vidare så kan du gjere dette på eiga hand.





Fakta om turen:





Inngang stavkyrkja: Dagleg klokka 12.00 ved besøkssenteret

Start Vindhella-tur: Dagleg klokka 13:30 ved stavkyrkja

Avslutning av tur: Tilbake ved stavkyrkja



Tidsbruk: Opp til deg. Inngangen til stavkyrkja er dagsbillett

Tidsbruk Vindhella-tur: cirka 1 time+



Påmelding: Ved å booke online på denne sida

SPRÅK: Norsk, engelsk ved behov






Kilde: Visit Sognefjord AS