Guiding Borgund Stavkyrkje



Inngang Borgund Stavkyrkje og ein guida tur til Vindhella - Kongevegen
Borgund Stavkyrkje i Lærdal er den best bevarte kyrkja i verda og den mest berømte delstrekninga av Kongevegen er Vindhella. Dette kan du no kombinere.
Denne turen starter i besøkssenteret like ved Borgund Stavkyrkje med besøk i kafeen og butikken før du går vidare til Stavkykrja og får ei historiefortelling om middelalderens mystikk.
Etter ein guida tur i Borgund Stavkyrkje går turen vidare opp austsida av Vindhella til toppen av dei berømte hårnålsvingane. På denne turen vil guiden fortelje om Kongevegen og bygginga av meisterverket og kvifor Vindhellaskaret var den smalaste passasjen mellom aust og vest i gamal tid og eit strategisk kontrollpunkt. Etter å fått opplevd svingane går turen tilbake til Stavkyrkja, og ynskjer du å gå vidare så kan du gjere dette på eiga hand.
Fakta om turen:
Inngang stavkyrkja: Dagleg klokka 12.00 ved besøkssenteret
Start Vindhella-tur: Dagleg klokka 13:30 ved stavkyrkja
Avslutning av tur: Tilbake ved stavkyrkja
Tidsbruk: Opp til deg. Inngangen til stavkyrkja er dagsbillett
Tidsbruk Vindhella-tur: cirka 1 time+
Påmelding: Ved å booke online på denne sida
SPRÅK: Norsk, engelsk ved behov
Kilde: Visit Sognefjord AS
Guiding Borgund Stavkyrkje