Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bremnes

Gullgruvene på Lykling

  • Lykling, Bømlo
  •  /  km From You
Overview

På heiane nord for Lyklingsjøen fann det for over hundre år sidan stad eit kapittel i vår historie som inntil 1990-åra var relativt ukjent for folk flest.
Alle hadde nok høyrt om gruvene, men det var aldri ein del av bømlingane si stolte historie. Det var helst utanbygds folk som kom hit for å sjå på gruveområdet, og historia var i ferd med å gå i gløymeboka.

Historia har lukkelegvis no fått sin renessanse, og mykje materiale er samla av lokale naboar og historikarar.

Gullgruvene på Lykling var på slutten av 1800-talet sentrum for eit gullrush utan sidestykke i Noreg. Rundt 1885, då aktiviteten var på det mest hektiske, var fleire hundre mann i arbeid i gruvene. Til saman vart det funne om lag 250 kilo reint gull. 


Området er no kartlagt og skilta, stiar er merka, og gullgruvene er blitt ein populær utfartsstad for både lokale og tilreisande. Og enno er det kanskje gull å finna i kvartsårane og gruvehola i gråberget ut mot storhavet...


Vi anbefalar at du først tar turen innom utstillinga "Steinriket Bømlo" i Moster Amfi i Mosterhamn. Der får du informsjon om den store steineksporten som har vore frå øyane her.

Så får du med deg brosjyren/turguiden til Steinriket Bømlo, som  har informasjon om gruvedrifta og turløyper i området. 

Bømlo turistinformasjon tel. 53 42 30 27


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 42' 18" N / 5° 11' 35" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad