
Ta turen ut til gullgruvene på Hovdaneset, der det blei utvunne gull mot slutten av 1800-talet.
Gullstien er del av Nordsjøløypa, som følgjer gamle stiar og vegfar gjennom sju land rundt nordsjøbassenget.
Buavåg, Hovda
Sveio (1 : 50.000)
Ved vegen til Kvitaneset i Buavåg, ca 500 m sør for Buavåg fergekai. Sluttpunkt i gardstunet på Hovda. Følg hovudvegen tilbake til Buavåg.
Ved starten av vegen til Kvitaneset.
Merka med blå N (symbolet for Nordsjøløypa) og blå maling.
Grøn
15 – 25 moh.
Ca 1 time
Heile året
Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Nokre våte parti.
Blå merking, N for Nordsjøløypa, pilskilt ved stiskille.
Følg hovedvegen sør/vestover til stemmen i Buatjørna. Her følgjer du blåmerka til Nordsjøløypa i utmarka. Snart kjem du ut på hovudvegen igjen og følgjer denne 3-400 m til skilt merka Gullstien. Hald fram gjennom utmarka i litt kupert, myrlendt terreng.
Ta gjerne ein avstikkar til nausta i Geitavika, som grunna den utsette hamna ligg langt inne på land. Ved gullgruvene er det sett ut benker for en rast. Det er òg sett opp informasjonstavle. Gruvene er fylt med vatn (OBS! Det er djupt ned, og gruvene er ikkje sikra).
Turen frå gruvene går vidare i lett terreng ytst mot Bømlafjorden, dels i myrlendt utmark og dels på grusveg. Frå gardstunet på Hovda kjem du inn på riksvegen og går dei siste 2-300 m på vegen tilbake til utgangspunktet. Frå infotavla fører vegen ned til restane etter gullvaskeriet, der stein frå gullgruvene blei tatt i land og knust. Det gamle sjøhuset like ved fungerer som kulturbygg, og her blir historia om gullgruvene formidla (ope etter avtale). Ved sjøen er det fint å bade.
Badeplass i Grunnavåg ved Kvitaneset, og i Storavatnet på Bua. Båthamn med gjesteplassar i Buavåg.
Kilde: Region Sunnhordland