Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Sveio

Gullstien frå Buavåg til Hovda

  • +47 53748076
  •  /  km From You
Overview

Turen går ut til gullgruvene på Hovdaneset, der det blei utvunne gull mot slutten av 1800-talet. Gullstien er del av Nordsjøløypa, som følgjer gamle stiar og vegfar gjennom sju land rundt nordsjøbassenget.

Stad:  Buavåg, Hovda
Turkart: Sveio  (1 : 50.000)
Start og sluttpunkt: Ved vegen til Kvitaneset i Buavåg, ca 500 m sør for Buavåg fergekai. Sluttpunkt i gardstunet på Hovda. Følg hovudvegen tilbake til Buavåg.

Parkering: Ved starten av vegen til Kvitaneset.
Merking: Merka med blå N (symbolet for Nordsjøløypa) og blå maling.
Gradering: Grøn
Høgdeskilnad: 15 – 25 moh.
Tidsbruk: 
Ca 1 time
Sesong: Heile året
Utstyr og påkledning: Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Nokre våte parti.
Skilting: Blå merking, N for Nordsjøløypa, pilskilt ved stiskille.

Turskildring: Følg hovedvegen sør/vestover til stemmen i Buatjørna. Her følgjer du blåmerka til Nordsjøløypa i utmarka. Snart kjem du ut på hovudvegen igjen og følgjer denne 3-400 m til skilt merka Gullstien. Hald fram gjennom utmarka i litt kupert, myrlendt terreng. Ta gjerne ein avstikkar til nausta i Geitavika, som grunna den utsette hamna ligg langt inne på land. Ved gullgruvene er det sett ut benker for en rast. Det er òg sett opp informasjonstavle. Gruvene er fylt med vatn (OBS! Det er djupt ned, og gruvene er ikkje sikra).

Turen frå gruvene går vidare i lett terreng ytst mot Bømlafjorden, dels i myrlendt utmark og dels på grusveg. Frå gardstunet på Hovda kjem du inn på riksvegen og går dei siste 2-300 m på vegen tilbake til utgangspunktet. Frå infotavla fører vegen ned til restane etter gullvaskeriet, der stein frå gullgruvene blei tatt i land og knust. Det gamle sjøhuset like ved fungerer som kulturbygg, og her blir historia om gullgruvene formidla (ope etter avtale). Ved sjøen er det fint å bade.

Andre aktivitetar i området: Badeplass i Grunnavåg ved Kvitaneset, og i Storavatnet på Bua. Båthamn med gjesteplassar i Buavåg.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad