Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Nissedal

TripAdvisor rating of 3.5

5

Hægefjell Nissedal

Ein flott fjelltur for dei som er spreke til beins – det er bratt opp fjellet.

Hægefjell er ein av dei høgaste toppane i Nissedal kommune!

Norske og tyske klatrarar oppdaga dei unike fjella i Nissedal på slutten av 80-talet. Det majestetiske Hægefjell har dei siste 20 åra blitt eit av dei mest brukte klatrefjella i Noreg, med omlag 50 ulike ruter i alle vanskegradar. Ei av dei mest kjend rutene i Europa for uerfarne klatrarar finn du her: Via Lara. Langs første delen av turløypa ligg det ein del kjempestore steinar. Dei blir brukte til klatring- eller buldring, som det heiter når ein klatrar på steinar utan sikring.

Frå Treungen køyrer du til Fjone og tek til venstre inn på ein grusveg ved Fjone skule. Avkøyringa er merka med skilt til Hægefjell. 

Dette er ein privat veg, så hugs å betal vegavgift på 70 kr. Følg grusvegen til du kjem til parkeringsplassen ved foten av fjellet. 

Hægefjell er eit populært fjellområde både for turfolk og fjellklatrarar frå heile Europa, så du er nok ikkje aleine der. 

På parkeringsplassen er det ei informasjonstavle med bl.a. kart over turen. 

Følg grusvegen til fots i ca. 40 min og ta av til høgre på godt merka og skilta skogssti. Vegen vidare til toppen er bratt i starten før den flater ut innover kuperte myrområde. Siste del før toppen er også bratt stigning. Når du kjem på toppen kan du nyte utsikten over Nisser, Vrådal og fjella mot Fyresdal. 

Du må berekne ca. 2 timar gange til toppen, og i følge informasjonstavla på parkeringsplassen er turen 11 km tur/retur. 

Dette er ein flott tur for heile familien som gir skikkelig høgdekjensle på toppen. 

Denne turen må opplevast!!


Lengde: 11 km tur/ retur

Merking: God

Annet: Fint for barn å sykle dei første kilometrane på grusvegen.

            Bomveg

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Hægefjell Nissedal

Sider du nylig har besøkt