Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Høyanger

Høyanger Industristadsmuseet

Høyanger Industristadmuseum heldt til i Byporten midt i sentrum av Høyanger. Her finner du hovudbibliotek, Gunnar S. Galleriet og turistkontor.

Museet vart offisielt opna 21/6-1997 av Einar Førde. 1.etg viser korleis Høyanger gjekk frå å vere ei jordbruksbygd tidleg på 1900-talet, til på få år å verte ein travel industristad. Her ser ein korleis industrien har utvikla seg fram mot våre dagar (1990-talet). Museet sin 2.etg tek føre seg samfunnsutviklinga, med kvardagsliv, butilhøve, kulturliv, krig og fagrørsle. I 1.etg vert det også vist film (for oversikt over filmane; sjå under "filmar").

På museet kan du få kjøpt:

Bøker: Bluss (Fagforeingshistorie), Høyanger Skulemusikk sitt jubileumshefte, Rimfakse (dikt), Høyanger historielag sine årbøker og Stølar og stølsliv i Høyanger. Postkort, pins og plakat (måleri av Byporten).

Gratis inngang!

I første etg. finn du turistkontoret og biblioteket, og i andre etg. finn du Høyanger kommune si utstilling av bildane til Gunnar S. Gundersen som vaks opp i Høyanger.

G., ofte bare kalt Gunnar S., debuterte på Høstutstillingen i 1947 med maleri og grafikk. Etter en tidlig fase med tradisjonelt utformede landskapsmotiver, rendyrket han, som en av de første norske kunstnere, et nonfigurativt formspråk. Hans medium har i overveiende grad vært staffelimaleriet, men han har også en betydelig innsats bak seg når det gjelder grafikk og monumentalkunst i forskjellige teknikker.

Last updated: 02/23/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Høyanger Industristadsmuseet

Sider du nylig har besøkt