Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tinn

Håvardsrud Seterliv

På Håvardsrud Seterliv kan du om sommeren bo og leve som de gjorde i gamle dager.

Håvardsrud seterliv

Hytter rundt setervollen med 4-12 sengeplassar.

Overnatting på ei seter er superfint for både vaksne og born! Kanskje de bør unne dykk ein seterferie i år? Me har kyr, kalvar hestar, kaniner, høner, grisar, kje og lam. Foredling av all mjølka frå kyrne til ost, rjome og smør. Me har ein liten gardsbutikk med våre eigne og andre lokale matvarer. Servering av rjomegraut og annan seterkost samt dagsaktivitetar. Her kan små og store få prøve turriding.

Herlaugstaul husmannsplass

Rjukans svar på farmen er Herlaugstaul ein husmannsplass som ligg i skogen mellom garden og setra på fjellet. Det vesle huset er lite og lekkert med svartomn til å lage mat og peis til å fyre i. Alle husa er sett i stand, men alt er som i gamle dagar; ikkje straum, ikkje innlagt vatn og sjølvsagt utedo. Parkering for bil 80 m frå husmannsplassen. 4 senger i huset og 2 senger i stabburet. Her levde familiar før i tida og utfordringa er om me kan klare det i dag? Husmannsplassen har nokre høner og lam som de kan stelle når de er der og de kan sjølvsagt besøke setra vår som ligg 5 km unna. På setra har me mjølkekyr og andre gardsdyr samt servering og aktivitetar.



Last updated: 01/02/2024

Source: Visitrjukan AS

Håvardsrud Seterliv

Sider du nylig har besøkt