Høyanger

Høyanger Kyrkje

  • Høyanger Kyrkje
  • Høyanger Kyrkje
  • Høyanger Kyrkje
  • Høyanger Kyrkje
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 40458649

Høyanger Kyrkje er sentralt plassert i bybildet i Høyanger

Høyanger Kyrkje



Høyanger kyrkja vart vigsla av biskop Ragnvald Indrebø i 1960. Kyrkja er teikna av Arnstein Arneberg, og Olav S Platou. Arneberg var i si tid ein av dei fremste arkitektane i landet. Han var bl.a. involvert i teikninga av Oslo rådhus og kronprinsparets residens Skaugum. Kyrkja var ei gåve frå aluminiumsindustrien i Høyanger. Kyrkja har 374 sitteplassar. Og er bygd i basilika stil.



Glasmåleriet i kyrkja er laga av Borgar Hauglid Andersen og framstiller Jesus på korset Under er ein mosaikk, laga av Ragnvald Andersen som syner Fugl Føniks. Dette er eit uvanleg motiv i nordisk kyrkjearkitektur.



Bygd i mur



Høyanger kyrkje er ei moderne kyrkje bygd i mur. Men er ikkje ei arbeidskyrkje, som kom på 70-talet. Høyanger kyrkje er sentralt plassert i bybildet i Høyanger, og var det siste elementet som kom på plass, frå planen som Høyanger vart bygd etter.



Ope:



Høyanger Kyrkje er ope kvar laurdag frå 13.00 - 15.00



Sesong:



21. juni - 16. august


Kilde: Visit Sognefjord AS