Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Balestrand

Høyviksalen

  • +47 57694200
  •  /  km From You
Overview

Den unike samlinga av originalkunst som fyller veggane på Kviknes Hotel har vore samla gjennom fire generasjonar. Sentralt i den store samlinga står kunstnarar som hadde eit forhold til Balestrand som motivkjelde. Kunstnarar som Hans F. Gude, Johannes Flintoe og Hans Dahl var faste gjester ved hotellet eller bygde seg hus i bygda. Ein eigen kunstkatalog med informasjon om kunstnarane er laga for gjester av hotellet.


Sentralt i den store samlinga står kunstnarar som hadde eit forhold til Balestrand som motivkjelde. Kunstnarar som Hans F. Gude, Johannes Flintoe, Hans Dahl var faste gjester ved Kviknes Hotel eller bygde seg hus i bygda. Vi er opptekne av at kunsten skal vere til glede for våre gjester. Ein eigen kunstkatalog som informerar om kunstnarane er difor tilgjengeleg for gjestene ved hotellet.


 


Balestrand vart på mange måtar skapt av kunstnarane som kom hit kring århundreskiftet og lot seg inspirere av staden og menneska. Nokre etablerte seg i sveitserhus, og bygga og manga av bileta frå denne tida er ein viktig del av Balestrand sin identitet i dag.


 


Kunsten lever vidare. Nokre er kunstnarar på heiltid, mange litt på si, medan andre kjem innom for å la seg inspirere no som tidlegare. Vil du oppleve kunst har kunstlaget fleire utstillingar gjennom året, hotella har til dels store samlingar, i Sognefjord Akvarium finn du galleri Munken med spesielle trebilete og på kaia Det Gyldne huset.


 


Solveig Haukås stiller ut og sel eigne emaljebilete og Magni Jensen og Geir Hjetland har utstillingar og sal av keramikk, skulpturar og installasjonar. Les meir om kunstnarane i Balestrand.


 


Høyvik-salen er ein sentral del av hotellet, og er eit verdig livsverk frå den unike kunsthandverkaren Ivar Høyvik. Heile salen er møblert av Høyvik.

Høyvik-salen - ein nasjonalromantisk skatt


Ivar Høyvik (1881-1961) vaks opp i Gulen i Ytre Sogn. Han gjekk i lære hjå Magnus Dagestad på Voss. I starten gjorde Høyvik utsmykkingsarbeid for kunstnarar som budde i Balestrand, som Prof. Hans Dahl og Adelsten Normann. I 1905 slo han seg ned i Balestrand saman med kona Eli, som var kunstveverske.


 


Høyvik-salen er eit verdig livsverk frå ein unik kunsthandverkar. Heile salen er møblert av Ivar Høyvik. Bord, stolar, portalar, speilrammer er alle laga med den same kjærleiken til treskjering og drakestil som gjennom eit langt liv prega arbeidet til Høyvik.


 


Veggteppet "Brurefylgjet" i Høyvik-salen er laga av Astrid Høyvik dottera til Eli og Ivar. Mønsteret i Ivar Høyvik sine arbeid hadde alltid ei meining, det skulle symbolisere noko. Mange av motiva var henta frå norrøn mytologi.


 


Portalen inn mot salongen er eit av dei siste arbeida Ivar Høyvik gjorde.


Høvik har og laga mange av dei utskjeringane på villaer og fritidshus som særpregar Balestrand.


 


Ivar Høyvik var aktiv som treskjerar heilt fram til han døydde i 1961, 80 år gamal.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Green Travel
The Høyviksalen has obtained certification for their environmental efforts by:
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Click to activate
Balestrand, Norway
The latitude and longitude
61° 12' 32" N / 6° 32' 18" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad