Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Eidfjord

Halnekollen - guida topptur på Hardangervidda

Book
Halnekollen - Berit Håland

Halnekollen er ein liten fjelltopp like bak Halne Fjellstugu langs rv7. Det er ein 30-45 minuttars tur kvar veg i lettgått terreng som belønner deg med ei fantastisk panorama-utsikt utover tre nasjonalparkar.

Du har panorama-utsikt utover tre nasjonalparkar: Hallingskarvet, Hardangerjøkulen og den vidstrakte Hardangervidda. Ein kort tur med ekte fjellfølelse og eit herlig avbrekk frå bilkjøringa. Solnedgangane her oppe er magiske.

Dette er ein tur som er lett å gå sjølv, eller du kan ha me deg ein guide som kan fortelje deg om fjellet og dets biologi, historia i området og nasjonalparkane. Ta kontakt dersom du ønsker guide.

Etter turen er de sjølvsagt velkommne til å ete eit godt måltid på Halne Fjellstugu.

Arrangør: Halne Fjellstugu
Parkering: Ja
Oppmøteplass: Halne Fjellstugu
Ordrefrist: 19:00 kvelden før

 

Last updated: 11/24/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Halnekollen - guida topptur på Hardangervidda

Book

Sider du nylig har besøkt