Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Halsnøy kloster

TripAdvisor rating of 4.5

7

Halsnøy Kloster

Book

Halsnøy Kloster ligg på øya Halsnøy i den sørlege delen av Kvinnherad. Klosteret stod ferdig i 1164, bygd av vikinghøvding Erling Skakke.

Son til Erling Skakke, Magnus Erlingson, var på denne tida konge i Noreg.

I sein middelalder vart dette klosteret rekna som eit av dei mektigaste klostra i denne delen av landet. I dag er ruinane frå dette klosteret museum. Samlinga består av ruinar frå sjølve klosteret, eit hovudhus, eit båthus og steinar frå klosterkyrkja. Klosteret er og arena for kulturelle tilskipingar. I kjellaren på hovudhuset er det ein historisk utstillinga som syner aktiviteten på staden heilt fram til å eigendommen vart museum.

I kjellaren på hovudhuset på hovudhuset er det ei flott utstilling som fortel historia til Halsnøy kloster gjennom 850 år. Frå opprettinga av augustinarklosteret fram til dagens museumsdrift.

Klosteret er arena for kulturaktivitetar gjennom heile året.

I perioden 1. nov 2023 - 24. mars 2024 er klosteret ope etter avtale.

Sjå elles opningstider!

I påsken og om sommaren kan de vere med på familieaktivitetar.

Last updated: 02/05/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Halsnøy Kloster

Book

Sider du nylig har besøkt