Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Halv dag privat oppleving med Viking Footprints

Bestill

Høyr og opplev korleis livet var for vanlege folk i vikingtidas Hyllestad saman med Viking Footprints

Ein halv dags (4-timars) oppleving som handlar om livet i vikingtida.

Her har de “Viking Footprints”-teamet heilt for dykk sjølve ein halv dag, der de kan oppleve og høyre om korleis livet var for vanlege folk i vikingtidas Hyllestad. Her vert det mange mogelegheiter til å prøve fleire ulike viking-ferdigheiter på ein morosam og informativ måte!

Lær om Vikingtida i Hyllestad

Halv dags-opplevinga er ei mogelegheit til å gå attende i tid der du og dine reisefeller kan høyre om korleis livet var i vikingtida, og kva fotspor vi kan finne att frå den tida. De kan lære om korleis folk levde under vikingtida, kva dei hadde på seg, kva dei åt og kva dei underheldt seg med. Ein kan og høyre om korleis planter kunne brukast til både til mat, medisin og magi, og kanskje andre ting som de ikkje visste frå før. De kan verte kjende med den vesle trebåten vår, som er tradisjonsbygga for hand på same måte som dei bygga trebåtar i vikingtida.

Prøv eigne viking-ferdigheiter; skyt med pil og boge, prøv å spele strategi-spel, eller finn ut korleis musikken på denne tida kan ha høyrdest ut, på eit instrument frå vikingtida. Korleis laga ein klede før i tida? Korleis fekk ein fyr i grua? Har du lyst til å prøve?

Kor ligg Viking Footprints?

Viking Footprints er lokalisert i Nesvegen i Hyllestad.

Bli med på ei to timers introduksjon til livet i Vikingtida i Hyllestad.

Ønskjer du å bli med på ei to timers introduksjon til livet i Vikingtida i Hyllestad? Då kan du lese meir her

Kilde: Visit FjordKysten

0

Halv dag privat oppleving med Viking Footprints

Bestill

Sider du nylig har besøkt