Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Hammaren - Grønrimb

Tur med flott fjordutsikt og moglegheit for rundtur.

Startpunkt
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 11,9 km til Hammaren. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida av vegen. Har du bil, parkerer du ved skiltet. Parkering på eige ansvar.

Om turen
Frå Hammaren går du først 200 m gjennom skog, seinare mykje på fjell. Flott utsikt ut og inn Hardangerfjorden ved kanten av Langedalen og på toppen av Domben. Du går inn til hytta på Domben, og i småkupert terreng forbi Storafjell. Så er det litt ulendt ned til eit stikryss. Her er det skilta Grønrimb og Gausvik. Du går møt Grønrimb, og etter kort tid er du på stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.


Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis 
Lengde: 5,1km
Total gangtid: 5t 30 min
Sesong: Mai - november
Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande. 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Hammaren - Grønrimb

Sider du nylig har besøkt