Nordic Choice Hotels - Et annerledes hotellselskap
Thon Hotels - Nytt design og fantastisk frokost
Radisson Blu - oppdag dine favorittdestinasjoner
De Historiske hotel & spisesteder - unike opplevelser
Rundreiser og kortferier med De Historiske hotel & spisesteder
Up Norway – matcher deg med din drømmereise
Reiser i Norge med Authentic Scandinavia
Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser
Widerøe - tar deg helt frem
Momondo - finn rimelige flybilletter
AutoEurope - stort utvalg til uslåelige priser
Hurtigruten - "verdens vakreste sjøreise"
Fram til 1860-åra frakta dei malmen frå Gullnes på kløv langs ein smal rideveg oppi dalsida på nordsida av Hanakamjuvet. I 1866 fekk dei endeleg køyreveg på andre sida av elva. Det gjekk tilbake med gruvedrifta, og vegen blei lite halde ved like. Han blei tatt i bruk av traktor og tømmerlass. Etterkvart tok dei fine, gamle steinmurane til å rase ut. Seljord Sogelag og Seljord Idrettslag slo seg saman med kommunen og søkte Riksantikvaren om stønad til istandsetting. I august 1990 blei det arrangert kurs i tørrmuring her. Den praktiske oppgåva for kursdeltakakarane var nettopp å setje i stand murane på gamle-vegen ved Hanakamjuvet. Sogelaget fekk hjelp til å ta vare på eit viktig industri-fornminne i bygdi, og idrettslaget fekk emne for ei fin turløype. Vegvesenet stilte med kursleiar og var ein viktig medspelar for å få dette i stand.
Hanakamjuvet er kjend for eit vakkert turområde, ikkje berre for steinmuren, men og for den mektige fossen som hiv seg ned i dalen.
Ta kontakt med turistinformasjonen for rutebeskriving