VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Handverkaren sin tur - Wild Voss

  • Skjerpestunet 8, Skulestadmo
  • +47 93484041
  •  /  km From You
Overview

Bli med på ein nydeleg fottur der du lærer om gamle byggetradisjonar av ein fagmann!

Vestlandet er prega av sterke og stolte tradisjonar. Voss er staden der natur møter kultur. Her bur det fagfolk som brukar og gir vidare liv til gamal kunnskap og handverk, frå landbruk til veving. Nokre av dei teknikkane som brukast her har sitt opphav fleire hundre år tilbake i tid.

På Handverkaren sin tur får du gjenoppdage tradisjonar som utan tvil er ein del av både den Vestlandske og norske identiteten, men som no døyr ut i mange regionar.

Turskildring

Tømraren Jean-Christophe tek deg med på vandretur i typisk Vestlandsnatur til ein tradisjonsrike gard. Der fortel han om byggeskikkar og livet knytta til bygningane der. Det handlar om lafting, grindbygg, bruk av verktøy, hogst i skogen, tørrmuring og mykje meir. Det handlar og om korleis ein bygning skal fungere, gjerne samanlikna med moderne bygningar. Og ikkje minst, korleis livet i slike bygninger var før i tida.

På denne kulturhistoriske vandreturen flettar vi inn ein del naturhistoriske tema medan vi går gjennom skogen, over bekkar eller langs dyrka mark. Vi må rekne med å helse på nokre sauer og kyr i løpet av turen. Ta mange spørsmål med på turen, så finn vi svar på dei i lag!


Sesong
Denne turen kan du tinge i perioden 20.juni til 30.oktober. Vi tek atterhald om tilgjengelig guide i høgsesongen.

Tiltak i høve koronaviruset (Covid-19)
Etter pålegg frå nasjonale og lokale styresmakter har vi gjort grundige risikoanalysar av all vår aktivitet med tanke på smittespreiing og smittevern. Vi har laga ei eiga nettside der du finn detaljert risikoanalyse og oppdaterte kjøps- og avtalevilkår.

For alle våre aktivitetar gjeld følgande:

- Deltakarar må være friske og utan symptom på forkjølelse eller luftveisinfeksjon.
- Maksimal gruppestorleik er 5 personar, inkludert guiden.
- Deltakarar må køyre eigen bil til startstaden eller ordne transport sjølv.
- Deltakarar må ikkje være omfatta av gjeldande karantenereglar.
- Personar med samfunnskritiske oppgåver må sjølv vurdere si eiga deltaking.
- Deltakarar må sørgje for god handhygiene før, under og etter arrangementet.
- Deltakarar må halde minst 1 meters avstand til andre deltakarar når det er mogeleg.

Vi stiller handsprit til disposisjon og gjennomfører handdesinfeksjon ved starten av kvar aktivitet.

Praktiske detaljar
Møt opp på Tre Brør Kafé (Google Maps) kl 9.30. Der hilser vi på kvarandre og tek ein rask gjennomgang av bekledning og utstyr. Vi tek buss vidare til startpunktet for turen. Bussturen tek om lag 10 minutt.

Vi er tilbake på Voss innan kl 16.30

Krav til deltakarar
Dette er ein enkel, kort og familievenleg tur. Turen passar for deg som har lyst til å bruke nokre timar ute på tur i skogterreng. Du treng ikkje å vere i god form for å bli med på denne turen, og terrenget er i all hovudsak lett å ta seg fram i.

Naudsynt bekledning og utstyr
På turen treng du dette:

- Gode sko eller støvlar til vandring i skog.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Ei ekstra ulltrøye.
- Solbrillar og solkrem.

Vandrestavar er ein god idé.

Prisar og vilkår
Prisen for vaksne er kr 1290 per person. Pris for born mellom 9 år og 14 år er kr 850 per person. Nedre aldersgrense er 9 år. Merk at det er minimum 24 timars førehandsbestilling. Ta gjerne kontakt med oss ved siste-liten førespurnader eller for gruppepris.

Gruppestorleik: 1-12 deltakere.

Inkludert i prisen:

- Følgje av ein kompetent handverkar og guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Bussbillettar.

Ikkje inkludert i prisen:

Tog eller annan reisemetode til Voss.
Ved å reservere plass på denne turen aksepterar du Wild Voss sine kjøps- og avtalevilkår. Desse er oppdaterte i tråd med koronaviruset.

Kontakt Wild Voss for post@wildvoss.no for andre spørsmål


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages