Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Hanguren

  • Hanguren, Voss
  • +47 40617700
  •  /  km From You
Overview
Details

Denne vandreruta tek deg frå Voss sentrum og opp til fjellområdet Hanguren, og ned igjen til Voss sentrum. Du kan sjølv velje å starte i sentrum eller køyre til Voss Folkemuseum og starte turen der.

Denne vandreruta tek deg frå Voss sentrum og opp til fjellområdet Hanguren, og ned igjen til Voss sentrum. På toppen, 660 moh, finn du toalett fasiliteter.


Gå:


Vel du å gå heile vegen kan du starte ved Vangskyrkja i Voss sentrum og følgje Gullfjordingsvegen forbi gavebutikken Vossatroll og Voss Sparebank. Deretter følgjer du skilta mot Voss Folkemuseum. Frå Voss Folkemuseum, Mølster, går det ein smal skogsti på høgre side av parkeringsplassen, denne går heile vegen til Hanguren. Det er relativt bratt stigning og ein bør ha gode sko. Det tar deg 1-2 timar opp, alt etter kva form du er i. Tilbake til sentrum kan du gå same veg eller følgje merka stiar mot Raugstad eller Bavallen. 

Eventuelt kan du køyre til Voss Folkemuseum og starte turen der. Då følgjer du Ringheimsvegen, skilta mot Voss Sjukehus, og fortset til du ser skilt mot Voss Folkemuseum. Deretter følgjer du Mølstervegen til endes. 

Turar frå Hanguren:


Ynskjer du ein lengre tur er det fine moglegheiter for dette med utgangspunkt i Hanguren. Ein kan til døme gå vidare til Røde Kors hytta, Lønahorgi, Raugstad eller til Bavallen.


Start:
Alt 1: Parker i sentrum av Voss (gå heile vegen)
Alt 2: Parker ved Mølster (gå frå Folkemuseet)


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 38' 44" N / 6° 24' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad