Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Hangurshusko, Hangurstoppen, Voss

Sving deg høgt over Voss

Hangurshusko er ikkje berre ein vanleg huske. Nei, den finn du på heile 820moh! Kan du tenkje deg ein meir spektakulær stad å svinge fram og tilbake? Det er ikkje berre ein oppleving som gir sug i magen, men og for sosiale media, her er det lett å få eit skikkeleg kult bilete frå turen til Voss.

Det er ikkje rart at hangurshusko har blitt ein massiv favoritt blant både store og små sidan den først dukka opp sommaren 2021. Her kan du nyte den fantastiske utsikta over Voss og sjå på paragliderane som tek av frå Hangurstoppen.

Huska ligg langs løypa Hanguren Panorama. Dette er ei rundløype på omtrent 1 kilometer som er universelt utforma, slik at alle kan få ta del i denne magiske opplevinga (Obs! Løypa er grusbelagt så rullestolar med små hjul kan vera litt vanskeleg å køyre på løypa). Alt dette finn du på toppstasjonen til Voss Gondol, så du treng ikkje å klatre høge fjell for å nå den eventyrlege husko.

Høgt over vossebygda, mellom fjell og flygande paraglidera.

Kilde: Destinasjon Voss

0

Hangurshusko, Hangurstoppen, Voss

Sider du nylig har besøkt