Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Aurland

Hansagarden Undredal

Midt i vakre Aurlandsfjorden ligg Undredal der Birger står klar for å ynskje deg velkommen til Hansagarden.

Opplev ein smak av Undredal og utforsk den vetle bygda som er kjent for geitost og Nord Europas minste Stavkyrkje. I Undredal kan du padle kajakk, SUP og leige Saune for å slappe av etter ein minnerik dag. På ut.no finn du fleire flotte vandreturar som du må gå. 

På kaien i Undredal kjem FjordSafari Norway inn med sine RIB båtar og tek deg med på sightseeing innover UNESCO Nærøyfjorden der du kan oppleve både sel og ørn.

Etter ein flott dag ute i nydeleg natur overnattar du på Hansagarden. Hansagarden ligg i Undredal sentrum og har ei høg standard utleige med plass til 6 personar. Kjøken, bad og stove er alt du trenger for å nyte oppholdet ditt i Undredal. Hansagarden har også ei hytte på Langhusa med plass til 4-5 personar. 

Birger på Hansagarden tek deg og med på guida vandring i Undredal og står for underholdning med mat og drikke på kvelden.

Nyt vakre dagar i Undredal. 

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Hansagarden Undredal

Sider du nylig har besøkt