Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Norheimsund

Hardanger Feriesenter

  • Hardangerfjordvegen 341, Kvam
  • +47 92050955
  •  /  km From You
Overview

Hardanger Feriesenter ligg vakkert til ved fjordkanten mellom dei to bygdene Norheimsund og Øystese i Kvam Herad. Feriesenteret tilbyr hytteutleige, campingplass og båtutleige.

Hytteutleige:
Hardanger Feriesenter har to ulike hyttetypar, Nesvika Energihus og Neshagen Hyttegrend. Tre Nesvika Energihus ligg ved sjøkanten med utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna- Det Amerikanske huset, Det klassiske huset og Det Japanske Huset, alle inspirert av kvar sin innreiingsstil. Hyttene er på 70 m², har tre soverom, gang, bad, kjøkken/stue og vinterhage. Kapasitet på 6 personar. Det Japanske Huset er tilpassa rørslehemma. Alle har Wi-fi.

Neshagen Hyttegrend ligg i ein freda eikeskog i lia ovanfor fjorden. Her er til saman åtte hytter der kvar enkelt har eiga planløysing tilpassa utsikta på tomten og ankomsten. Hyttene er på 40 m² (52-62 m² med terrasse), har 2 soverom, gang, bad, kjøkken/stue med peis. Ei av hyttene er tilrettelagt for rørslehemma. 

Camping:
Nesvika Camping har 30 oppstillingsplassar, der 24 har straumuttak. Her er sanitæranlegg med kjøkken, toalett og dusj, klesvask, tømmingsplass for avløpsvatn og vaskeplass for bil. Området er familievenleg med leikeplass og badeplass.

Gjestekai:
Hardanger Feriesenter har gjestekai med plass til 4 båtar på inntil 14 fot.  Straum til båten er tilgjengeleg.

Båtutleige:
Hardanger Feriesenter leige ut robåt, open båt med motor, motorbåt med kalesje og seglbåt. Meir informasjon

Klyngjetunet Nes Gard ligg ved Hardanger Feriesenter og er verdt eit besøk. I klyngjetunet er 10 bygningar, den eldste er Gamlastovo frå 1642. Området har og ein fin gamal hage. I resepsjonen på Hardanger Feriesenter kan det tingast omvising i det gamle gardsmiljøet.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Click to activate
Kvam, Norway
The latitude and longitude
60° 22' 5" N / 6° 11' 25" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad