Norheimsund

Hardangerfjord Adventure

Bestill
  • Glade turistar løftar armane i glede medan dei køyrer gjennom fjorden i Hardanger.
  • Barn som nyt fart og utsikt frå ribbåt på fjorden i Hardanger.
  • Ei gruppe glade turistar på båttur gjennom spektakulær fjordnatur i Hardanger.
  • Båtføraren styrar båten gjennom det vakre fjordlandskapet i Hardanger.
  • Smilande turistar med vind i håret på båttur gjennom Hardanger.
  • Ein rib-båt etterlet seg bølger i den stille Hardangerfjorden.
  • Turistar i varme dressar som nyt det naturskjønne Hardangerfjord-landskapet.
  • Smilande turistar på båttur i Hardangerfjorden omgitt av vakre fjell.
  • Rib-båt som køyrer under ei spektakulær bru i Hardangerfjorden.
  • Turistar som nyt ein roleg rib-båttur gjennom den naturskjønne Hardangerfjorden.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 932 04 417

  • Kaien 24

    Kvam, Vestland

    Vis i kart

Opplev magisk fjordlandskap med Hardangerfjord Adventure – frå fartsfylt RIB-safari til guida fjellturar i ekte vestlandsnatur.

Bli med på eit uforglemmeleg eventyr med Hardangerfjord Adventure! Dei tilbyr RIB safari på Hardangerfjorden gjennom påmeldingsturar frå fjordbygdane Norheimsund, Øystese og Ulvik. Turane frå Norheimsundog Øystese (sommarsesong) går til den dramatiske fjordarmen Fyksesund - den smalaste delen av Hardangerfjorden - kjend for stupbratte fjellsider, fossar og veglause grender.



Frå Ulvik (sommarsesong) går turane mot den imponerande Hardangerbrua og vidare inn i fjordarmene Simadalsfjord og Osafjord, der stille fjordlandskap, bratte fjell og kulturhistoriske grender skapar ei sterk naturoppleving.



I tillegg til påmeldingsturane tilbyr Hardangerfjord Adventure private gruppeturar på førespurnad frå store delar av Hardangerfjorden. Desse kan skreddarsyast med guida fjellturar, lokal mat og kulturopplevingar – for deg som ønskjer ei meir personleg og eksklusiv oppleving. Dei tilbyr òg båttransport til og frå den bortgøymde grenda Botnen, djupt inne i Fyksesund.



Påmeldingsturar med RIB har avgang frå:





  • Thon Hotel Sandven i Norheimsund



  • Hardangerfjord Hotel i Øystese



  • Brakanes hotel i Ulvik




For deg som ønskjer ei unik fotturoppleving i sommarhalvåret, tilbyr Hardangerfjord Adventure guida turar for mindre private grupper – mellom anna signaturturen From Fjord to Fjell – The Historic Fyksesund Mountain Trail, ein historisk fjelltur frå fjord til høgfjell.





Om vinteren kan du bli med på Fjord floating, trugeturar og topptur på ski saman med lokale guidar.



Ta kontakt og skap minner for livet – i rolege, ekte og storslåtte omgjevnader.



Velkomen til Hardangerfjord Adventure!





Nokre av turane deira:



Fyksesund fjordsafari frå Øystese (60 min)



Hardangerfjord og Fyksesund fjordsafari frå Norheimsund (75 min)



Hardangerfjord Ultimate RIB safari frå Ulvik (1 t 45 min)



Guida fotturar i Norheimsund og Øystese



Topptur på ski med Hardangerfjord Adventure




  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS