Øystese

Hardangerfjord Hotel

Bestill
  • Utsikt mot Hardangerfjord Hotel frå fjorden, med fjell og bygd i bakgrunnen.
  • Lys og moderne lounge med store vindauge og solstrålar som skin inn.
  • Mjuk sofa i blått med dekorative puter i eit stilfullt loungeområde.
  • Moderne kaféområde med grøne møblar og ein rund spegel på veggen.
  • Intimt sitteområde med to runde speglar og grøne sofaputer.
  • Lunt sitjeområde med blå sofa og fargerike puffer, perfekt for avslapping.
  • Inngangsparti med høge bord, hengande lampar og eit stilig interiør.
  • Lyst hotellrom med to enkeltsenger og moderne innreiing.
  • Romslig hotellrom med dobbeltseng, enkeltseng og moderne interiør.
  • Lyst hotellrom med to enkeltsenger og utsikt mot fjorden frå balkongen.
  • Standard hotellrom med enkeltsenger, TV og praktisk oppbevaring.
  • Koselig hotellrom med dobbeltseng og panoramautsikt over fjorden.
  • Hotellrom med enkeltseng og flott utsikt mot fjorden frå vindauget.
  • Vakker utsikt mot Hardangerfjorden og snødekte fjell frå hotellområdet.
  • Moderne møterom med prosjektor og komfortable stolar.
  • Møterom med stor vindaugsflate og ein naturleg steinvegg.
  • Grillrettar servert på hotellets restaurant med sesongens lokale ingrediensar.
  • Delikate grillrettar tilberedt på åpen eld, servert med ferske, lokale ingrediensar.
  • Nærbilete av smakfulle grillrettar med rotgrønsaker og urter.
  • Frisk og fargerik salat servert med tradisjonelt flatbrød.
  • Moderne dekorativ detalj med utsikt mot Hardangerfjorden i bakgrunnen.
  • Panoramautsikt over Hardangerfjorden og dei snødekte fjella som omkransar fjorden.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 56 55 63 00

  • Hardangerfjordvegen 613

    Kvam, Vestland

    Vis i kart

Miljøsertifiserte reiseaktører

Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

ecoLighthouse logo

miljofyrtarn.no

Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, berre ein times tid frå Bergen, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna. Gjestane får oppleva fjord og fjell gjennom heile året, og med variasjonen i årstidene vert det aldri kjedeleg.

Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, berre ein times tid frå Bergen, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna.



Gjestane deira kan oppleva fjord og fjell gjennom heile året, og med variasjonen i årstidene vert det aldri kjedeleg – naturen gjev ein stadig nye nyansar og perspektiv. Det mektige synet frå hotellet vekkjer kjensler hjå ein kvar – ruvande fjell, ein blenkande fjord, ei glitrande fonn og grøne bakkar.



Restauranten byr på lokal mat og drikke, og ei stor og flott uteservering. Hotellet har 113 rom i ulike kategoriar, samt selskapslokaler og konferanseavdeling.



Vegg-i-vegg ligg Hardangerbadet med ulike badebasseng, sklier og stupetårn. Om vèret tillet det anbefalar me eit friskt bad i fjorden før frukost. Ei nydeleg sandstrand ligg rett ved sida av hotellet. Ta med deg ein kopp kaffe og kjenn graset under beina på veg bort gjennom hagen.



Hotellet er eit perfekt utgangspunkt for å oppleva Hardanger på sitt beste – både for spreke høgpulsaktivitetar og for dei som søkjer fred, ro og god atmosfære.



Hjarteleg velkomen!


  • Hele året

Languages

  • Engelsk
  • Norsk
  • Tysk

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS