Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Øystese

Hardangernatt i stabburet ved fjorden

  • Storeteigen 20, Kvam
  •  /  km From You
Overview

Overnatting i det idylliske stabburet på Storeteigen, Kvam Bygdemuseum er ei oppleving utanom det vanlege. Stabburet frå 1750 er innreia i romantisk stil over to etasjar og ligg 50 m frå Hardangerfjorden på eit gardstun frå 1850. Her kan utsikt over fjord og fjell, stillheit og bonderomantikk nytast og ein vert oppmoda til digital detox. Stabburet høver for to personar, med ei dobbelseng på brudeloftet i andre etasje. Gjestar disponerer eige bad som ligg i låven ved sida av Stabburet, badet blei renovert i 2015. Det er ikkje tilgang til kjøkken, berre utandørs grill/bålpanne.  For gjestar som ynskjer kan ein solid bondefrukost bestillast (150,- per pers.). Frukost vert servert ute eller i den gamle Vavollstovo frå 1685. For dei som ynskjer er det tilbod om gratis VHS-kino i verdas minste kinosal som ligg i museet sin Møbelverkstad frå 1920.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Click to activate
Kvam, Norway
The latitude and longitude
60° 22' 45" N / 6° 12' 5" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad