Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Eidfjord

Hardangervidda frå Eidfjord

Hjølmadalen i Øvre Eidfjord, Tinnhølvegen ved Dyranut, samt fleire stader langs Rv 7 over Hardangervidda, er innfallsporten til nasjonalparken.

For å koma inn til Tinnhølen går det ein 11 km lang bomveg. Terrenget er flatt og fint og turmål som Finse og Haukeli er lett overkommelig både sommar og vinter. Vèr merksam på at bruene ikkje vert lagt ut før begynnelsen av juli. Høg vannstand i elvar kan gje vanskar iht vading før bruene vert lagt ut. Båten innover Halnefjorden (sjå mappa opplevingar) er eit godt alternativ for start på fotturen frå Eidfjordområdet. Turistkontoret har turkart til sals og gjev god informasjon om ruteval. Du finn mange turforslag under menyen aktivitetar.

Last updated: 11/28/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Hardangervidda frå Eidfjord

Sider du nylig har besøkt