Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Hyllestad

Hatlems Hytter

Velkomen til Hatlems Hytter - eit utgangspunkt for unike opplevingar. Her finn du ein feriebustad for ein kvar smak og eit kvart behov.

Velkomen til Hatlems Hytter - eit utgangspunkt for unike opplevingar. Hatlems Hytter ligg på Risnes i Lifjorden, ein sidearm til majestetiske Sognefjorden. Hyttene har stor variasjon i størrelse og standard, og fungerar glimrande som base for utfluktar på fjord og i fjell. Om du er på jakt etter nøktern tømmerhytte, moderne leiligheiter eller noko midt i mellom, har Hatlems Hytter feriebustadar for ein kvar smak og eit kvart behov. 

Hyttene ligg på Risnes i Lifjorden. Fem av hyttene er på fastlandet, medan tre er lokalisert på Risnesøyna. For å nå hyttene på Risnesøyna må ein nytte båt. Hyttegjestane kan leige båt i størrelse 16-22 fot til alle hyttene. Nokon av båtane har dieselmotor, medan andre har påhengsmotor. 

OM HYTTENE:  BUA  Er ein koseleg innreia loftsetasje på sjøbu. Her finn du stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad med dusj og toalett. Det er eit ekstra opphaldsrom ved sida av leiligheita, innreia med langbord i maritim stil. Det er balkong og parkering ved bua. 

NAUSTET

Ligg heilt i strandlinja i 2. etasje av båtnaustet. Her finn du stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad med dusj og toalett, gang og yttergang med stor fryseboks. Lun, solrik terrasse. Det er parkering 30 meter frå leiligheita. 

NYE EKRENE

Ligg fint til med direkte utsikt mot sjøen, og innheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, eit lite bad med toalett og dusj og i tillegg ein stor hems. Hytta har ein lun, solrik terrasse. Det er parkering ved hytta. 

SILDA

Er eit tømmerhus som ligg vakkert til i Sildevika på Risnesøyna. Huset vart rive, flytta og sett opp at der i 1974. Den koselege stova har blåmala tømmerveggar, vedfyring og utsikt mot sjøen og Lihesten. Her kan ein få ro i sjela! Huset har stove, kjøkken, to soverom og bad med dusj. Her er innlagt straum og vatn. Hytta har utedo og eigen kai med gode fiskemoglegheitet direkte frå kaia.

STABBURET

Er ei lita tømmerhytte som opprinneleg vart bygd i 1760, og som i 1970 vart riven ned og flytta til Risnesøyna Hytta er ivaretatt slik den var, med tømmerveggar og småruta glas. Stabburet ligg idyllisk til ved innløpet til Lifjorden. Her renn Risnesstraumen forbi i ein fart på 6,5 knop.

Hytta har eit soverom, eit lite kjøkken, stove og inngang. Utedo. Her er kun innlagt kaldt vatn. Oppvarming med vedfyring. Det er koking og kjøleskap på gass. Vannklosett, dusj og vaskemaskin finn du på fastlandet. Stabburet passar fint for dei som ønskjer seg "tilbake til naturen".

EKREHYTTA

Ligg heilt i strandlinja på fastlandet i Lifjorden, og har eigen kai. Her kan du ta morgonbadet direkte frå eigen kaikant. Hytta inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, eit lite bad med dusj, og i tillegg ein stor hems. Hytta har ein fin solrik terrasse med utsikt over sjøen. Parkering ved hytta.

BRISLING

Ligg på Risnesøyna med panoramautsikt til Tollesundet og den majestetiske Lihesten mot nord. Hytta inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, eit lite bad og stor hems. Det er og vedbod og toalett i eige bygg. Dusj og vannklosett finn du på fastlandet, samt vaskemaskin og stor frysar. Hytta har ein lun og fin terrasse. 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Hatlems Hytter

Sider du nylig har besøkt