Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Seljord

Hattefjell

  • 35050400
  •  /  km From You
Overview

Køyreavstand: Brøløs - Bråten: 2,5 km Bompengar:Gratis Gangtid: ca 1 time Nivå:Krevjande

Køyreavstand: Brøløs - Bråten: 2,5 km
Bompengar: Gratis
Gangtid: ca 1 time
Nivå: Krevjande


Hattefjell er fjelltoppen som ligg ovafor Seljord sentrum i nordaustleg retning.
Merka sti startar ved ei fjellskjering på vegen mot Bråten. Det fyrste stykket meir eller mindre bratt stigning gjennom skogen før ein kjem inn på ein breiare sti som endar på Hattefjellmyri. Herifrå merka, bratt sti til toppen der det er ei fantastisk utsikt mot Seljord og også mot Skorve, Mælefjell og Lifjell.
Frå toppen ser ein rett ned på gardane i Åsheimgrendi. I tidlegare tider var dette storgardar i Seljord, og det er mange hendingar og historier knytt til denne delen av bygdi, bl.a. soga om Ståle Åsheim.

Alternativ rute: Ved Hattefjellmyri kan ein fylgje merka sti vestover til trivelege Tjønnstaul med gamle sæterbygningar. Stien er delvis litt utydeleg. Gangtid frå Hattefjellmyri: ca 1t


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad