Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Eidslandet

Haugen Fjellgard

  • Haugen, Eksingedalen, Vaksdal
  • +47 56595833
  •  /  km From You
Overview
Details

Haugen Fjellgard ligg fint til med utsikt til fjella i Eksingedalen, 2 km fra riksveien. Det er gode moglegheiter for fjell- og fisketurar i området. Vertskapet driv med kjøt- og mjølkeproduksjon og her kan du helsa på kyr, hundar og kattar. Du finner også en støl til utleie som ligger 4 km fra garden, med bilvei helt fram.

Haugen Fjellgard ligg fint til med utsikt til fjella i Eksingedalen, 2 km frå riksvegen. Det er gode moglegheiter for fjell- og fisketurar i området. Vertskapet driv med kjøt- og mjølkeproduksjon og her kan du helsa på kyr, hundar og kattar.


Alle er velkomen anten ein kjem aleine eller har med seg nokon. Her kan ein få middag, overnatting og frukost frå 15-20 personar. Det har blant anna vore arrangert 50-årslag, slektstreff og smalahovelag. På garden har det vore busetjing frå 1700-talet, og no vert det leigd ut 3-4 hus som alle ligg i nærleiken av kvarandre. 


På forsommaren kan ein vera heldig å sjå hjort på jordet nedanfor Martastua. Reiser du litt i dalen her på kveldstid kan du vera heldig å sjå den frå vegen også. Her er mange fine turar sommar som vinter, blant anna er det mange stølar i Eksingedalen. Nokre av desse er det merka stig til, nokre er korte og andre lengre turar.


DEI ULIKE HUSA


Storstua


Fem soverom med totalt 15 sengeplassar. To bad med dusj, toalett og varmekablar – det eine badet har òg vaskemaskin. Stove med langbord, vedovn og sofagruppe nede + loftsstove med sofagruppe. Kjøkken med komfyr, mikrobølgeovn, oppvaskmaskin, kaffitraktar og to kjøleskap – eine med frysedel.


Det er i tillegg reisesenger og madrassar slik at ein kan velja kor ein vil liggja.


Gardshuset


Tre soverom med totalt ni sengeplassar. Eit bad med dusj, toalett og varmekablar. Vaskerom med vaskemaskin og tørkestativ. Kjøkken med komfyr, mikrobølgeovn, oppvaskmaskin, kaffitraktar og kjøleskap. Stove med vedovn, sofa, TV og middagsbord til 6 personar, høve til å setja opptil 15 personar.


Martastua


Tre soverom med totalt åtte sengeplassar. Eit bad med dusj, toalett, vaskemaskin og varmekablar. Stove med vedovn, middagsbord til åtte personar, sofa og TV. Kjøkken med komfyr, mikrobølgeovn, oppvaskmaskin, kaffitraktar og kjøleskap. Fritt internett.


Adkomst:
Bilveg heilt fram til hyttene – parkering utanfor.


Opprydding og reingjering:
Gjestene må rydda og grundig reingjera før avreise, eventuelt kan sluttreingjering bestillast mot tillegg i prisen.

Ankomst og avreise:
Ankomst(avtalt ankomstdag) etter kl. 15.00 og avreise (avtalt avreisedag) innan kl. 12.00. Avvik må avtalast på førehand.


 Meir informasjon på nettsida deira her.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Overnatting

Camping
  • Hytter med bad og toalett
Hotellfasiliteter
  • Dyrevennlig
Romfasiliteter
  • kaffemaskin og/eller tekoker

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Kjæledyr tillatt

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Grill-/biffrestaurant
Click to activate
Vaksdal, Norway
The latitude and longitude
60° 44' 29" N / 5° 47' 42" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad