Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Havkajakkutleige

  • Evangervegen 14, Voss
  • +47 97087318
  •  /  km From You
Overview

Havkajakk er ein enkel og fin måte å utforska det flotte Vangsvatnet på. Kajakk kan du leiga hjå Outdoor Norway på timebasis. 

Sjå sentrum og fjella og bygdene  rundt frå eit anna perspektiv med havkajakk på Vangsvatnet. Havpadling fungerer like godt på innsjøar som på havet, og er ein aktivitet som er kjekk både for nybyrjarar og erfarne. Vangsvatnet er om lag 10 km langt med mykje å sjå langs land. Eit godt tips er å stoppe ved rasteplassen på Kvåle og kjøpe med påsmurt niste på utsalet til Hjelle Bakeri.


Kajakkane som vert leigd ut er stabile, og har du med born kan vi anbefale doble kajakkar med plass til to og endå meir stabile.


Ved leige av kajakk får du instruksjonar på sjølve padlinga og sikkerheit.


Inkludert:


-          Kajakk og åre


-          Spruttrekk


-          Flytevest


-          Padlejakke


-          Pumpe, i tilfelle du får inn vatn


-          Padlebånd, slik at du ikkje mister åra


Ta med:


-          Badetøy


-          Ull eller teknisk undertøy dersom det er kaldt


-          Fottøy som kan bli vått


-          Kleskift


-          Solkrem, solbriller og hatt/caps ved behov


Krav:


-          Min. 4 år saman med forelsre


-          Min. 12 år i eigen kajakk


-          Maks. vekt 150kg


-          Informer om medisinske tilstandar som astma, epilepsi osb


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 41" N / 6° 24' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad