Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Havpadling på Nærøyfjorden

  • +47 56510017
  •  /  km From You
Overview

Nærøyfjorden er ei perle og eit av dei mest spektakulære fjordområda i verda, og den beste måten å oppleva fjorden på er frå ein kajakk.

Nærøyfjorden er ei perle og eit av dei mest spektakulære fjordområda i verda, og den beste måten å oppleva fjorden på er frå ein kajakk. 

Nordic Ventures tilbyr halvdags-, dags- og fleiredagars turar. Gruppene er relativt små med 2-9 padlarar pluss guide. Turane passar for alle, anten du har lite eller mykje padleerfaring. Du får alt av utstyr du treng for turen, og mat og drikke er inkludert på dagstur og fleirdagarstur. 

Om du ikkje har eigen bil vert du henta i Voss sentrum kl. 09.00 og køyrt til Gudvangen. Der er det utlevering av utstyr og instruksjon før ferda får vidare utover Nærøyfjorden. 


Her padlar du forbi små gardsbruk, fossefall og grønkledde fjelltoppar. Innimellom vert det stopp ved skjulte perler der du får strekka litt på beina, og guidane deler av kunnskapen sin om området og lokal historie og kultur. 

Til lunsj vert det grilling utandørs, og alt du treng av mat og drikke er inkludert i prisen (ikkje på halvdagstur).

Medan dagsturen vert avslutta med å padle tilbake til start i Gudvangen, overnattar du i telt langs fjorden på todagarsturen. Her er det gode moglegheiter til ein kveldstur til fots. Dagen etter padlar ein vidare ut Nærøyfjorden og inn i Aurlandsfjorden der turen vert avslutta i idylliske Undredal. 

Tredagarsturen fylgjer same rute som todagarsturen, men her er det lagt opp til fjelltur til fots på dag to. Kontakt Nordic Ventures eller sjekk deira nettside for informasjon om tilgjengelege datoar for 2- og 3-dagarstur.

Prisar:

Halvdagstur: Vaksen kr 800,- Born under 15 år kr 495,-
Dagstur: Vaksen kr 1.095,- Born under 15 år kr 750,-
Todagarstur: Vaksen kr 2.795,- Born under 15 år kr 1.995,-
Tredagarstur: Vaksen kr 3.795,- Born under 15 år kr 2.795,-

Retur til Voss er inkludert i prisen.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 43" N / 6° 24' 37" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad