Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
stranda

Heilaftan med Strandatapas og sidersmaking

Ei unik smaksoppleving i hjartet av matbygda Stranda.

I sommar inviterer Skarbø Gard til ei spanande smaksoppleving på Skinkerådhuset, det staselege huset midt i Stranda sentrum. Kom og smak på det beste Stranda har å tilby!

Inkludert

Du får servert fem tapasrettar laga med dei beste skinkene frå Stranda og Tind, og handverksostar frå Skarbø Gard, akkompagnert av andre lokale matskattar. Til kvar tapas kjem ein ny sider frå Skarbø Gard, Sunnmøre sitt første sideri. Her blir du guida gjennom smakane, og du får dei unike historiene bak produkta.

Velbekomme!

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Heilaftan med Strandatapas og sidersmaking

Sider du nylig har besøkt