Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vestre Slidre

Helle Kjøtt

Hellekurv og Hellekaker er produkt som kling godt i Valdres. Gode råvarer, godt handverk og tradisjonsrike oppskrifter som gjev unike smakar, er grunnlaget til Helle Kjøtt AS. Bedrifta held til ved Fosheim i Røn i Vestre Slidre kommune, og blir driven av brørne Normann, Geir og Svein Helle.

Hellekurven er ei spekepølse med storfekjøt, storfeinnmat og flesk. Produksjonen skjer frå desember til april.  I kald og turr fjelluft på bu’n (stabburet), skjer spekinga fram til juni.  Hellekurven har «Beskytta geografisk nemning» og høyrer til blant dei norske matskattane.

Hellekaker er ein fantastisk god «hamburgar» produsert på storfe- og svinekjøt. Saftig, og med god lauk- og kjøtsmak. Hellekakene er populær festivalmat.

Karbonade er ei god, gamaldags karbonadekake basert på storfekjøt og flesk. I mange ti år  har denne vore fast gjest på middagstallerkane i Valdres. 

Kalvekjøt kan skaffast frå eige oppdrett. Heile eller halve dyr, ferdig  porsjonspakka, klart til å legge i frysaren.

Elg- og hjortekjøt  frå lokale dyr, kan leverast på hausten.

Me tek elles på oss nedskjering og pakking av vilt (feltgodkjent) og lam, gris og storfe slakta på offentleg godkjent slakteri.

Produkta våre får du kjøpt i alle daglegvarebutikkar i Valdres. Hellekurv får du også hjå «Snadder» på Strømmen Storsenter.

Last updated: 09/20/2021

Source: Valdres Destinasjon

Helle Kjøtt

Sider du nylig har besøkt