Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hellesøy

Hellesøy Landhandel

  •  /  km From You
Overview

For folk på kysten har krambuene spela ei viktig rolle. Dei gjorde små stader levelege og stetta mange behov; varer, sosialt samvær, nyhende, kultur, latter og ein tår for tørsten. Ei krambu rommar identiteten til ein stad og personlegdomen til eigaren. Vil du oppleva sjarmen og sjela til eit lokalsamfunn ute på kysten, kjøp ein sluk i Butikken på Hellesøy. Her har stamgjestane eigne kaffekrus med namnet sitt på, her dekkjer dei langbord på fryseboksen og tilreisande skriv seg inn i gjesteboka.

Hellesøy Landhandel ligg lengst nord i Øygarden og er lokalbutikken til dei vel 50 fastbuande på Hellesøy. Men hit kjem det radio- og TV-stasjonar, feriegjestar og folk frå inn-og utland for å oppleva denne særmerkte attraksjonen. Hellesøy Landhandel. På utsida er det ein smålåten daglevarebutikk. Inni finn du sjela til eit heilt lokalsamfunn. Fylt opp av utkantliv frå golv til tak: mat, filmar, blomar, bøker, nips, gåver, leiker, anti-kvitetar, postkort, redningsvestar og fiskeutstyr. Kjem du før jul heng det pinnesider frå taket. Betjeninga har skjønt noko om god kundepleie? Her er du gjest meir enn kunde. Gjesteboka på bordet ved inngangsdøra er fylt med helsingar frå barn og voksne frå Hammerfest til Australia. Her blir fryseboksen dekka til langbord og folk inviterte til festmåltid mellom varereolar og handlekorger. Ein butikk som serverer gratis kaffi, levande lokal møtestad og ei heilt personleg shoppingoppleving. Legg merke til vareutstillinga, den er eit lite kunststykke i seg sjølv.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Øygarden, Norway
The latitude and longitude
60° 39' 37" N / 4° 47' 28" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad