







"Hengjo" er ei gamal nothengje og såkalla barkeri i Bekkjarvik. Her er det museum i tillegg til at det er arena for kulturarrangement.
Denne nothengja er den største i sitt slag som er teke vare på her på kysten.
Hengjo blir blant anna brukt til kulturarrangement. Det er ein svært fin utearena for konsertar.
Tradisjonelt blei ei nothengje brukt til å henge opp garn og nøter brukt til fiske. Dette var spesielt brukt under sildefisket. Garna blei også bøtt (reparert/"sydd") her.
Staden blir i dag brukt som kulturarena, og er open for publikum i periodar. Her er også eit båtmuseum.
Nothengjo ligg sentralt ved sjøen i sentrum av Bekkjarvik.
Tettstaden Bekkjarvik ligg på øya Selbjørn i Austevoll kommune. Kommunen har 667 øyar, skjer og holmar, og turen hit er ei flott reise i seg sjølv.
Det går bilferje på strekninga Krokeide - Hufthamar. For rutetider, sjå nettsida til rederiet Fjord1. Frå Hufthamar tar det ca 20 minutt i bil.
Du kan også reise med passasjerbåt mellom Bergen sentrum (Strandkaien), eller Flesland (nær Bergen Lufthavn) og Bekkjarvik. Turen med hurtigbåt frå Bergen tar berre litt over 1 time. Rutetidene for hurtigbåten finn du på nettsidene til Skyss.
Kjem du reisande frå sør, for eksempel frå Stavanger eller over Stord, kan du ta bilferje mellom Sandvikvåg og Husavik. Ferjerutene finn du på nettsida til rederiet Fjord1.
Det går også passasjerbåt frå Leirvik på Stord, via Rubbestadnes på Bømlo til Bekkjarvik. Rutetidene for hurtigbåten finn du på nettsidene til Skyss. I appen Skyss kan du både sjå rutetidene, og kjøpe billett.
Kilde: Region Sunnhordland