Tjørvåg

Herøy Kystmuseum

  • Kjekt med kajakker utafor Herøy Kystmuseum.
  • Kosleg på tunet på Herøy Gard.
  • Herøy Kystmuseum ligg vakkert til ute på Herøy Gard.
  • Båt og naust på Herøy Gard
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 48046338

  • Nautøya 175

    Herøy (møre og romsdal), Møre og Romsdal

    Vis i kart

Kystmuseet er den gamle handelsstaden frå 1700-1800-talet, med autentiske bygningar og utstyr frå ulike tidsepokar. Museet tilbyr aktivitetar og opplevingar.

Herøy kystmuseum er ein viktig formidlar av øya si historie, som har hatt ein sentral plass i regionen i meir enn 1000 år. Staden var ein viktig møtestad allereie i vikingetida, og frå mellomalderen har det vore kyrkjestad med gildestove, prestegard og seinare handelsstad.

I dag husar øya kystmuseet, kyrkjestaden, pilegrimsmål, tur- og naturområde og Herøy amfi, og deltek du på guida omvising møter du omvisarar med rik kunnskap om øya si mangfaldige historie. Dei kjenner staden og menneska sine små og store løyndomar, og saman med dei vil du bli nærare kjent med handelsmannen Sivert Olsen som budde på Herøy og vart ein av Sunnmøre sine rikaste menn. Her er ope heile året, ta kontakt for avtale utanom faste opningstider.

Opplevingar og aktivitetar

Øya er lita og terrenget er lett å vandre i. Du kan fylgje pilegrimsstien som går langs turstien, eller vandre den asfalterte turvegen til Herøy amfi.

Om sommaren kan gjester delta på tidebøn i regi av kyrkja. Fyrste helga i juli vert olavsspelet «Kongens Ring» synt fram på Herøy amfi, og olsokaftan serverer vi rjomegraut og tilbyr framsyningar og aktivitetar.

Opningstider - faste og på forespørsel heile året

Juni - August: Måndag - Søndag, sjå tabell til høgre for klokkeslett.

September - Mai: Ope etter avtale, ta kontakt på e-post for å avtale.

Mat, drikke og butikk

På tunet framfor hovudhuset kan du nyte kystens beste vaflar, fersk kaffi, is og brus frå museumskafeen. I krambua kan du handle gåver, bøker, handverksprodukt, drops m.m. til deg sjølv og andre, i stemningsfulle omgjevnader.

Kystmuseet ligg 1,7 km frå fylkesvegen, og er ein nydeleg stoppestad på veg til Runde og Fosnavåg. Besøkande kan ta seg til øya både med båt og bil.

    Kilde: Ålesund & Sunnmøre