Herdla

Herdla Museum - Museum Vest

  • Det tyske jagerflyet gul-16 - Herdla Museum
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Kikkerter
  • Fugletårn på Herdla Museum
  • Nautet ved Herdla Museum
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Herdla Museum - Museum Vest
  • Sjøkanten ved Herdla Museum
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 970 94 729

Nordvest for Bergen ligg vakre Herdla, ei lita øy med sitt eige museum. Her er utstillingar både om dramatiske krigsår og om det rike dyre -og fuglelivet.

Herdla er eit flott turmål for deg som vil kombinera museumsbesøk og friluftsliv. Turen frå Bergen tek ca. 45 min. På Herdla fort finn du det perfekte utgangspunkt for både å vitja fuglereservatet og restane av den tyske festningen på øya. Her kan du lese meir om Biltur fra Bergen til Herdla.



UTSTILLINGAR:

Museet held til i eit særprega nybygg med panaromautsikt på Herdla fort. Her finst både faste og skiftande utstillingar.



Gul-16 –frå jagarfly til kulturminne

Den 15. desember 1943 tok det tyske jagarflyet «Gul-16» av frå basen sin på Herdla. Rett etter take-off fekk flyet problem og måtte naudlanda på sjøen og sank. 64 år seinare blei det heva og er i dag museet sin hovudattraksjon.



Her kan du lese meir om Bergensregionens andre verdenskrig-historie.



Historie, natur og miljø

Ei fast utstilling fortel om fuglelivet på Herdla. Dei ulike skiftande utstillingane femner vidt og kanomhandla både historie, natur og miljø.



AKTIVITETAR:



Guida turar:

Fram til 2006 var Herdla torpedobatteri eit topphemmeleg forsvarsanlegg. I dag er det fullt utstyrte batteriet freda som kulturminne. Ein guida tur gjennom anlegget er som ei reise tilbake til den kalde krigen. Turen tek ca. ca. 1 time og 15 minuttar.



Fuglekikking:

Herdla er det rikaste og viktigaste fugleområdet i regionen og godt tilrettelagt for besøkande. På museet får du informasjon om ruter du kan gå for å oppleva fuglane utan å forstyrra dei. Museet kan også organisera guida fugleturar. I det flott fugletårnet kan du fotografera, følga med på fuglelivet og nyte nista.



Tur, fiske og bading:

Rundt heile øya finst det gode fiske-og badeplassar. På museet kan du også få tips om turar og andre ting du kan oppleva på øya.



Kafé og museumsbutikk:



Museet har kafé med varm og kald drikke, kaker og snacks.



Det er gratis inngang for born.



Det går buss til Herdla fleire gonger om dagen (rute 400 frå busstasjonen i Bergen til Ravnanger og deretter rute 414 vidare til Herdla).



Muséet opnar på bestilling, også for mindre grupper. Museet er universelt utforma.


  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

How to get there

Buss:

Nummer 499 fra Bergen busstasjon. Turen tar 1 time. For oppdaterte bussruter se: www.skyss.no. Transport med offentleg buss til museet er inkludert i Bergenkortet.


Under 18 år – Fri entré0 NOK *
Student – Entre65 NOK *
Voksen – Entre130 NOK *
* Pris fra

Kilde: Visit Bergen