Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Askøy

Herdla Museum - Museum Vest

Herdla Fly
DSC00485-2
DSC00439
DSC00464
fugletårn
Herdla
minnestøtte
HerdlaMuseum_Vindu_Kikkert_motVenstrre
Herdla_Fugletaarn_inni
HerdlaMuseum_Elever ved naustet
HerdlaMuseum_Hender og knuter
HerdlaMuseum_Kystfort100m
HerdlaMuseum_Sti_Hav_løvetann
HerdlaMuseum_Elever i sjokanten

Vest for Bergen ligg vakre Herdla, ei lita øy med sitt eige museum. Her er utstillingar både om dramatiske krigsår og om det rike dyre -og fuglelivet.

Herdla er det perfekte turmålet for deg som vil kombinera museumsbesøk og friluftsliv. Etter ein 45 minuttars køyretur frå Bergen til Herdla Fort finn du det perfekte utgangspunkt for både å vitja fuglereservatet og restane av den tyske festningen på øya. Her kan du lese meir om Biltur fra Bergen til Herdla.

UTSTILLINGAR:
Museet held til i eit særprega nybygg med panaromautsikt på Herdla fort. Her finst både faste og skiftande utstillingar.

Gul-16 –frå jagarfly til kulturminne
Den 15. desember 1943 tok det tyske jagarflyet «Gul-16» av frå basen sin på Herdla. Rett etter take-off fekk flyet problem og måtte naudlanda på sjøen og sank. 64 år seinare blei det heva og er i dag museet sin hovudattraksjon.

Her kan du lese meir om Bergensregionens andre verdenskrig-historie.

Historie, natur og miljø
Ei fast utstilling fortel om fuglelivet på Herdla. Dei ulike skiftande utstillingane femner vidt og kanomhandla både historie, natur og miljø.

AKTIVITETAR:

Guida turar:
Fram til 2006 var Herdla torpedobatteri eit topphemmeleg forsvarsanlegg. I dag er det fullt utstyrte batteriet freda som kulturminne. Ein guida tur gjennom anlegget er som ei reise tilbake til den kalde krigen. Turen tek ca. ca. 1 time og 15 minuttar.

Fuglekikking:
Herdla er det rikaste og viktigaste fugleområdet i regionen og godt tilrettelagt for besøkande. På museet får du informasjon om ruter du kan gå for å oppleva fuglane utan å forstyrra dei. Museet kan også organisera guida fugleturar. Frå den flotte fuglebua kan du fotografera, følga med på fuglelivet og nyte nista.

Tur, fiske og bading:
Herifrå er det også kort veg til gode fiske-og badeplassar. På museet kan du også fåtips om turar og andre ting du kan oppleva på øya.

Kafé og museumsbutikk:

Museet har kafé med varm og kald drikke, kaker og snacks.

Det er gratis inngang for born.

Det går buss til Herdla fleire gonger om dagen (buss 499 frå busstasjonen i Bergen.)

Muséet opnar på bestilling, også for mindre grupper. Museet er universelt utforma.

Kilde: Visit Bergen

Herdla Museum - Museum Vest

Sider du nylig har besøkt