Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Herskapeleg Weekend

Drøym deg vekk frå kvardagen med ein herskapeleg weekend hos Lillingstonheimen og Leonards Forlaavelse. Her finn du fort kvilepulsen, omgitt av spanande historie og mektige naturopplevingar.

Opplev idylliske Tysse i Fjaler der du bur i Lillingstonheimen. Bygningane på garden var kjøpt av sorenskrivar i Sunnfjord, Niels Landmark kring 1809. Han bygde det opp til eit mønsterbruk for moderne jord-og hagebruk. I 1880 kjøpte den engelske språkforskaren Claude Lillingston garden. Her sette familien Lillingston sitt særeigne preg på dei godt bevarte interiøra, som er ei blanding av engelsk og norsk stil. Fredag ettermiddag/tidleg kveld får du servert ein stemningsfull Afternoon Tea i stovene til det vakre hovedhuset, Lillingstonheimen. Etter ein god natts søvn og frokost, og omvisning/formidling på eigedomen, går turen lørdag til Leonards Forlaavelse - ei oppleving. Her ventar eit herskapeleg måltid og eksklusiv shopping i ei intim og autentisk atmosfære. Er du glad i gode oster, har vertskapet ein stor ostebutikk. Pris Lillingstonheimen har 4 rom for utleige og plass til 9 gjester, som får ei unik oppleving i historiske omgjevnader.Samlet pris kr 1368/1545 per pers for ei helg med éi overnatting i dobbeltrom inkl frukost, Forlaavelsesbuffét og Afternoon Tea. Det er også mogleg å bestille middag lørdag kveld og vinpakke/bobler. For prisinfo og booking, ta kontakt via melding på FB, e-post til lillingston@fortidsminneforeningen.no eller sms til tlf 45027443 (Tone)

Kilde: Visit FjordKysten

0

Herskapeleg Weekend

Sider du nylig har besøkt