Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sande i Sunnfjord

Hestad Kapell

  • Hestad, Gaular
  • +47 57717629
  •  /  km From You
Overview

Øyrakyrkja


Smålåte, men samtidig fritt, ligg Hestad kapell på Øyra mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden, som er ein del av Gaularvassdraget.


Segna seier at det stod ei kyrkje på Øyra alt på 1100-talet. Av dei omattbrukte bygningsdelane i kapellet, veit vi at dette må ha vore ei stavkyrkje. I skriftlege kjelder er ho først nemd i ein paveleg rekneskap frå 1327. Der er ho omtala som «Capella de herstadum,» medan ho i Bergen Kalvskinn frå ca. 1350 vert kalla «Hedinstada kirkia».


Den nye laftekyrkja


I 1805 vart stavkyrkja riven og ei ny lafte-kyrkje oppbygd, delvis på restane av den gamle bygninga. Skip og kor er tømra. Våpenhuset, like breidt som skipet, er stavbygd og med berre ytterkledning. Tømmeret er ovaltelja. Stokkane er regelmessige og fell godt saman. Kyrkja har tjørebreidd, liggande kledning. På kvar langside er det to vindu i skipet og eitt i koret. I koret er det også ei dør mot nord. Under takutspringet går eit grovt tanna bord. Før 1864, då kyrkja etter ein stormskade fekk den utsjånad ho har i dag, var tårnet brattare og tekt med spon.


Det er oppretta eit landskapsvernområde på 3 dekar kring kapellet. Landskapsvernområdet vart oppretta for å verne om dei særeigne kulturhistoriske- og naturkvalitetar i området.


Før vegen på sørsida av vatnet vart opna i 1884, vart vatnet nytta til veg, og kyrkja låg sentralt. Sommarsdagen gjekk trafikken gjennom sundet, og om vinteren gjekk sledefarten over Øyra. Var isen utrygg, var sundet – som på grunn av straumen ikkje frys til – einaste staden å krysse vatnet. I 1940 kom det bru over sundet, og i 1970 vart det bygd veg på nordsida av Hestadfjorden. No er dette hovudvegen opp dalen, og den går rett framom kyrkja. Utvendig er kyrkja ca. 13 meter lang og ca. 5,5 meter brei.


Omattbrukte stavkyrkjedelar


Det har vore tradisjon å nytte delar frå nedrivne bygningar når ein ny skulle oppførast. Såleis finn ein ofte delar frå den gamle stavkyrkja der denne måtte vike plassen for ei ny kyrkje.


I tårnet til Hestad kapell er det brukt fire kraftige stavar frå stavkyrkja. Dei åttekanta hjørnestolpane i våpenhuset og ein del av knea som er brukte, må også kome derifrå.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Gaular, Norway
The latitude and longitude
61° 19' 45" N / 5° 56' 11" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad