Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Årdal i Ryfylke

Hiafossen

  • +47 51759510
  •  /  km From You
Overview
Details

Hiafossen, i Ryfylke, ligg ved ein historisk interessant sti mellom Nes i Årdal og Viglesdal (turisthytte). Adkomst: Eigen transport. Rv. 13 frå Tau mot Årdal, ca. ein halvtimes køyretid. Ta av ved Tveit og køyr til Nes.


Ein startar ved parkeringsplassen på Nes i Årdal (inga avgift) og går på sørsida av Storånå ca. ein times tur, opp til Hiafossen. Heile turen går på ein fasinerande drifteveg som blei bygt av svenske "sluskar" i åra 1907 - 1912. Dette vegstykket er første delen av Turistforeningen si turløype som går til Viglesdalen. Ved stor vassføring, for eksempel i flaum og ved overløp fra Nilsebuvatnet, er turen forbi fossen ei mektig naturoppleving. Vegen held fram til ei forseggjort steinbru som fører over utløpsosen av Viglesdalsvatnet. Har ein fiskekort kan ein fiske aure i vatn og elvar. (Dersom ein tar av frå stien og går opp på fjellryggen i vestre ende og følgjer høyden ca. 100 meter, kjem ein til eit prakteksemplar av ei jettegryte. I fjellkløfta ved sida av "heng" ein kampestein. Ved å passere under denne, kjem ein ned til Hiavatnet og kan halda fram langs vatnet, og inn på driftevegen like før brua. Vidare på nordsida av Viglesdalsvatnet, og fram til hyttene i Viglesdalen.)


Viglesdalsløpet blir arrangert på stien (Nes - Viglesdalen - Nes) kvart år i juni.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Facts

Season
All Year
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 9' 21" N / 6° 23' 57" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad