Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

SAGVÅG

Himmelhyttene

Book

Ni meter over skogbotnen, innimellom trekrunene, kan du overnatte trygt og komfortabelt i ein av Norges største tretopphytter! 

Himmelhyttene er ein drøm som no blir til verklegheit.

Den første Tretopphytta Ørnablikk ligger ca. 180 moh. Og har ei fantastisk utsikt vest i havet over Bømlo og flyplassen på Stord.

Ni meter over skogbotnen, innimellom trekrunene, kan du overnatte trygt og komfortabelt i ei av Norges største tretopphytter! 

Tretopphytta ligg på Dyvikesåto i Stord kommune, mellom Bergen og Haugesund. Tretopphytta har flott utsikt over vestnorsk skogsvillmark, fjell, fjord og hav. Du vil oppleve nærkontakt med natur, fuglar og dyra i skogen. Hytta har fått namnet Ørnablikk. Når du er på hytta kan du sjå naturen under deg frå ørna sitt perspektiv. Er du heldig kjem ørna veldig tett på når den svever majestetisk over trekronene ved hytta. Utsikt mot himmelen og stjernene gjennom dei store takvindauga er absolutt å anbefale når kvelden og natta senkar seg over skogen.

Hytta har ein luftig veranda med sitjeplassar, grill og fuglefôring. Hytta er vinterisolerte, vedfyrte, har kjøkkenkrok med komfyr og kjøleskap. Tretopphytta er utstyrt med alt du treng for ei behagelig opplevelsesovernatting i trea - midt i naturen - gjennom heile året - for deg og dine!

Det er overnattingsplass til 9 personer i hytta. Det er 3 dobbelsenger. Sofabenkane må benyttast som sengeplass om det er maks antall personar i hytta.

Last updated: 01/31/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Himmelhyttene

Book

Sider du nylig har besøkt