Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Mauranger

Historisk brevandring i moderne drakt - guida tur

  • Sundal, Kvinnherad
  • +47 55298921
  •  /  km From You
Overview
Details

Folgefonna bretur er ein av Noregs "Historiske vandrerutar", og akkurat denne turen over breen har ført ein turiststrøm til området i over 200 år. 

Sidan 1800-talet har turistar vore fasinert av vandre- og breturen over Folgefonna. Turen startar i Sundal i Mauranger og endar i Odda. Denne unike vandreturen består av kontrastar i verdsklasse. Fjordlandskap, fossefall, breføring, panoramautsikt og lokale historiar.

Du startar i Sundal på kaien, og føl den merkte turistruta til Fonnabu, som er ei DNT-hytte nær breen, 1450 moh. Den fyrste delen av turen går på den gamle Isvegen som vart bygd i 1863 – ikkje for turistane, men for å frakta is med hest og kjerre ned til fjorden. Derifrå vart isen skipa til by og bygd langs kysten, og eksportert til utlandet.

Neste dag vil breførarar gje deg ei eventyrleg oppleving med breføring over Folgefonna bre frå Fonnabu til Holmaskjer som er ei anna DNT-hytte på andre sida av breen. Etter lunsj på Holmaskjer vgår du ned frå 1565 moh til Odda sentrum. Dagen er over og du blir frakta tilbake til Rosendal, og får servert ein deilig middag på Rosendal Turisthotell. Her kan du slappe av og nyte utsikta over fjorden.

Neste dag anbefalar me at du etter frukost besøkjer Baroniet Rosendal og den flotte rosehagen.

Pris: Frå 2300 NOK pr. person.
Dette inkluderer:  Overnatting på Fonnabu, breføring, breutstyr, offentleg buss frå Odda til Sundal, overnatting og 3 retters middag på Rosendal Turisthotell samt inngongsbillett til Baroniet Rosendal.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Ekspert
Årstid
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Brevandring
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Vandring
  • Kajakkpadling
  • Natursti
Kano og kajakk
  • Kajakkpadling
Fottur
  • Merkede turstier

Taste Norway

Lokalmat
  • Norsk mat

Facts

Effort Level
Challenging
Season
Summer
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
60° 6' 35" N / 6° 16' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad