Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stadlandet

Hoddevik

Den fantastiske stranden i Hoddevik ved Stad på vestkysten av Nordfjord er et populært mål for surfere hele året.

I Hoddevik, ytterst på Stad, kan du vandre berrføtt på kvit sand, omkransa av høge fjellsider. Når du køyrer ned "hårnålsvingane" har du ei fantastisk utsikt.
Hoddevik er ein ynda stad for surfarar frå heile verda. Staden er svært godt egna for surf under ekstreme vindforhold på grunn av dei høge fjella som skjermar stranda frå den verste vinden.

Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler, men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet.

Hoddevik er også utgongspunktet for den fine fjellturen Mosekleivhornet.

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Hoddevik

Sider du nylig har besøkt