Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Husa er frå ulike stader i Hol kommune, dei fleste er frå 1700- og 1800-talet. Innhusa står øvst i museumsgarden: setestugu (frå Sveingard), stasstugu (frå Nestegard) – rosemåla av Kitil Rygg, og kårstugu (frå Raunsgard) – rosemåla av Kristen Ånstad.
Nedafor står uthusa: stolphus, loft, fjøs, låve og stallar. Eldhuset, smiu og badstugu står noko lenger unna på grunn av brannfare med slike hus. Kvernhuset står ogso utanfor tunet, sameleis ei stølsbu og ei lu.
Nedafor tunet er det ein husmannsplass med 3 hus: stugu, stolphus og låve (med fjøs under). Desse 3 husa stod tidlegare i Meiebakka i Mogrenda.
I tillegg er det utstillingsbygning med m.a. mykje rosemåling og bygdedrakter.
Hol Bygdemuseum vart skipa av interesserte bygdefolk på eit møte 8. november 1914. På møtet låg det føre tilbod om å kjøpe Nestegardstugu. I 1917 vart denne overteken av museet, bygdafolket ytte tilskot til kjøpet. Ein plan om å få til ein gamal holingsgard med alt som høyrde til, vart lagt. Museet vart drive av friviljuge eldsjeler fram til 1973, då vart det kommunalt. Frå 2004 har sameininga Hallingdal Museum hatt ansvar for drifta.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Geilo AS
Click to activate
Hol, Norway
The latitude and longitude
8° 20' 56" N / 60° 35' 51" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad