Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland STORD

Hold kjeft, det er Ibsen!

  • Kulturhuset, Hamnegata 1 (Postboks 414), Stord
  • +47 97552213
  •  /  km From You
Overview

Liv Gulbrandsen byr på ei halsbrekkande morosam, nær og inderleg fortelling om Henrik Ibsen og sin eiga bestemor.

Bestemora til Liv Gulbrandsen elska Ibsen. Og ho tok barnebarnet med seg i teateret for at Liv, i altfor ung alder, skulle få sjå Hedda skyta seg. Bestemor hadde ei historie ho ikkje kunne fortella, og nokre livsviktige råd. Men kva historie var dette?

Nokre gonger må me bruka andre sine ord der me manglar våre eigne.

Mange kjenner forfattar, programleiar og kulturpersonlegdom Liv Gulbrandsen frå hennar feministiske, litterære harselas på scenen. Fifty Shades of Grey-trilogien, Karl Ove Knausgård sitt seksbindsverk Min Kamp og Jo Nesbø sine krimbøker om Harry Hole har alle vore gjenstand for Gulbrandsen sin godlynte vrede. Når ho no tar utgangspunkt i verka til Noregs største dramatikar, kan me forventa oss ein annan, og meir personleg historie. Liv fortel om kloke og merkelege opplevingar av Ibsenskodespel saman med bestemor, i ei halsbrekkande forestilling der du kan gråta og le, eventuelt le til du gret.

Forestillinga Hold kjeft, det er Ibsen! er ei komisk, nær og inderleg kjærleikserklæring til mødre og bestemødre, om generasjonars strev, om kunsten, teateret – og ikkje minst om Henrik Ibsen.



  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages