Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vik

Holmen Gard, Fresvik

Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik
Holmen Gard, Fresvik

Holmen gard ligg i Fresvik, ei lita bygd på grensa til UNESCO verdsarvområdet

Her finn du det perfekte feriehuset for å ta inn fullkomen ro i Fresvik.


Hage

Leiger du huset disponerer du og hagen, med plass til både leik og spel og frukttre og bærbusker. Om noko er modent under besøket så plukkar du og har råstoff til herlege dessertar, eller nyt direkte frå treet.

Plass til vener

I feriehuset vårt finn du 5 soverom og i alt 10 sengeplassar. Spisebordet kan justerast mellom 8 og 12 sitjeplassar, og her er to bad. Ta med deg familien eller vennegjengen.   

Produksjon av tindved

Landbruksproduksjonen vår er unik i norsk samanheng, me dyrkar tindved, eit gourmetbær med høg verdi både for smaken og for helsefremjande eigenskapar.

Turvennleg

For den som vil være aktiv har du her også eit unikt utgangspunkt for fotturar i alle vanskegradar, frå rusletur på småvegar til bratte fjellturar, eller turar på fjorden.

Dei små vegane i bygda er trygge og fine turvegar og i Storedalen og i Fresvikåsen finn du merkte turstiar for både enkle og meir krevjande turar. Både skogsturar og fjellturar i nærområdet kan by deg på fantastiske utsikter. Følg våre enkle tips til fine turar på eiga hand i Fresvik, eller bruk tilbodet vårt om guida turar for den som vil lære om landskap, kulturhistorie og naturverdiar i området.

Om sommaren kan du rusle ned til «Strondi» og bade eller me kan by deg på ein båttur.

Om hausten er lisidene fargesprakande og hjortejakta er det store høgdepunktet, og om vinteren ligg fjella og lokkar; me kan syne deg dei flottaste turane i trygge trasear.

UNESCO Verdsarvområde

Nærøyfjordområdet, idyllisk plassert langs Sognefjorden ved inngangen til Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Bygda er omkransa av bratte fjellsider, med majestetiske Nonhaugen i sør, medan landskapet opnar seg i eit vidt utsyn mot Sognefjorden i nord.


For bestilling besøk nettsida vår!

Kilde: Visit Sognefjord AS

Holmen Gard, Fresvik

Sider du nylig har besøkt